Hopp til innhold

Denne ørna vil han bli kvitt

Ei havørn som forsyner seg av laksen i Fortunselva i Luster er blitt ei så stor plage at ein sportsfiskar vil bli kvitt den. No har han søkt Fylkesmannen om fellingsløyve.

Her forsyner havørna seg med laks frå Fortunselva

VIL HA DENNE VEKK: Ved fleire høve har Helge Steig i haust og vinter sett ei ørn som forsyner seg av laksen i Fortunselva. Biletet er teke den 10. november då ørna tydeleg sleit med å få med seg ein stor laks.

Foto: Privat

I eit brev til Fylkesmannen skriv sportsfiskar Helge Steig at han i det siste har observert ei havørn som tek laks i elva. Dette fell han tungt for brystet fordi det ikkje er noko sjølvfølgje at det er noko laks der.

I fleire år har ein nemleg drive aktivt med kultivering for å få til ein levedyktig laksestamme i elva.

– Når vi ser at ørna tek laksen så er det ikkje noko moro sidan vi har jobba med kultivering i mange år, seier Steig til NRK.no.

Har jobba hardt for laksebestanden

På byrjinga av 1990-talet vart elva stengt for laksefiske.

Steig fortel at laksen lenge har vore utrydda, men etter målretta arbeid med kultivering var det mange som i sommar kunne gle seg over at elva for første gong på 20 år kunne opne for fritt laksefiske.

– No har vi klart å få opp ein bra laksebestand, seier Steig.

– Den forsyner seg

Men i haust har ei havørn som truleg hekkar oppe i fjellet i Fortun ført til uro for Steig. Han seier det også er andre i området som vil søkje om fellingsløyve, for ørna tek grovt for seg av laksen i elva.

– Men ei ørn, er det så problemfylt?

– Den skal ha mat, og den skal ha mat kvar dag. Det står mykje fisk i elva, og elva er blitt så lita. Den forsyner seg, det gjer den, seier den ivrige laksefiskaren.

– Får ilt i sjela

Han er budd på at mange vil reagere på at han vil ta livet av den store havørna. Men Steig meiner ørna ikkje høyrer heime i området og vil bli kvitt den.

– Det er noko med at du får ilt i sjela når du ser ørna drep den laksen du sjølv har vore med å avle opp. Du har det ikkje godt då, seier han til NRK.no.

Han har enno ikkje fått svar frå Fylkesmannen om han får fellingsløyve eller ikkje.

Restriktive med fellingsløyve

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal kjenner ikkje denne saka konkret, men seier på generelt grunnlag at det skal mykje til for å få fellingsløyve på havørn.

Han viser til at havørn er ein art som har vore i vekst i det siste, men at det framleis er ein sårbar art.

– Havørna har dei siste åra trekt innover i fjordane og den hekkar no godt innover i Sognefjorden.

– Det er sjeldan at havørn utgjer noko problem for folk flest. Men den kan jo sjølvsagt vere eit problem viss det er spesielle forhold, som her med at det er live vatn i elva, seier han til NRK.no.

Seier fleire vil søkje

Helge Steig håpar framleis på positivt svar frå Fylkesmannen når dei har handsama saka. Han trur fleire søknader om fellingsløyve skal gjere sitt til at dei står sterkare.

– Dess fleire søknader vi har, dess betre utfall kanskje?

Steig seier han også er open for eventuelle andre alternativ for å ørna vekk frå området. Som til dømes å fange og flytte den levande.

– Hadde det vore eit alternativ, er eg med på det.