Hopp til innhold

Denne kunne hindra straumutfallet på Vestlandet

Med kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre på plass kunne feilen som sløkte lyset hjå nær 80 000 husstandar i helga vore unngått.

Kraftline

VIKTIG: Kraftforsyninga på Vestlandet blir truleg styrka når den nye linja mellom Ørskog og Fardal står klar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er store arbeid på gang for å sikre tosidig kraftforsyning via Ørskog og Sogndal. Hadde vi hatt den linja på plass laurdag, hadde vi tolt det utfallet som var, utan at husstandar vart mørklagde, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Berit Erdal.

Sunnmøre og Nordfjord får framleis straum via eit reservenett på grunn av ein feil på eit mast i Vestnes. Feilen gjorde at minst 150 000 menneske i 25 kommunar vart straumlause laurdag kveld. Måndag har mannskap jobba iherdig for å rette feilen.

– Det ligg på 1000 meters høgde, så det er ikkje så lett tilgjengeleg, fortel kommunikasjonssjefen.

Kommunikasjonssjef i Statnett, Berit Erdal

VENTAR: Statnett meiner kraftforsyninga på Vestlandet blir mykje betre når linja mellom Ørskog og Fardal i Sogn er på plass, seier kommunikasjonssjef, Berit Erdal.

Håpar endeleg løysing snart er på plass

Sjølve masta er skadd, truleg på grunn av dårleg vêr og mykje nedbør. Masta må reparerast, og målet er at mannskapa har fått alt i orden i løpet av måndag.

Det er tredje gong på halvanna år at Vestlandet blir råka av store straumutfall. Statnett, som eig og driftar kraftlinja som vart øydelagd no, ser fram til at ei ny kraftlinje kjem på plass i området.

Kor tid den etterlengta straumlinja er heilt på plass er derimot i det blå. I Myklebustdalen i Ålfoten står arbeidet i stampe på grunn av konflikt mellom grunneigarane og Statnett.

– Så snart linja mellom Ørskog og Fardal er på plass vil forholda bli mykje betre.