Hopp til innhold

Denne aprilsnarren har han ruga på lenge

Halvard Johan Bolstad frå Skjolden er levande oppteken av lokalhistorie og segner. Den interessa utnytta han til å forsøke å lure sambygdingane trill rundt.

Aprilsnarr av Halvard Johan Bolstad

SØLVSKATT: Kjernen i spøken til Halvard Johan Bolstad, er at han har funne ein sølvskatt saman med arkeologar. Historia er nøye gjennomtenkt og biletet fann han ved eit søk på internett.

Foto: Facebook-skjermdump

Halvard Johan Bolstad

SPØKEFUGL: Halvard Johan Bolstad kosa seg med å planlegge aprilspøken.

Foto: Privat

I eit langt innlegg på Facebook skildrar han to segn om sølvskattar som skal vere gøymd vekk i området mellom Bolstad og Skjolden i Luster kommune.

Men historia spissar seg til då han fortel at det i familien hans har hatt ein gamal sølvmynt, som bestefaren til Bolstad sa han hadde funne i eitt av desse områda. Bolstad fortel vidare at han tok det med til folk som driv med arkeologisk undersøking. Dei vart, ifølgje forteljinga, med tilbake dit mynten vart funnen.

– Mange har gått fem på

«Kva vi fann ser ein på bilete over her. Det var plukka opp ca. 250 myntar ifrå jorda», skriv Bolstad på Facebook.

Aprilsnarr av Halvard Johan Bolstad

APRILSNARR: Historia om 'sølvskatten'. Trykk på biletet for å gjere det større.

Foto: Facebook-skjermdump

Historia vert avslutta med at «arkeologane» meiner ein del av funnet bør stillast ut, og at Bolstad skulle få tilbake sin mynt så snart den var ferdig datert.

– Mange har gått fem på. Ein frilandsjournalist i området her spurte om å få lov å lage reportasje for Sogn Avis og Radio Luster, seier Bolstad og humrar godt.

Då NRK - som også beit på tidlegare på dagen - kontaktar han fredag kveld, har han framleis ikkje avslørt spøken sjølv. Men han går med at sanninga no kjem fram.

– Eg har fått mange telefonar i dag. Eg har snakka med dei næraste naboane og fortalt dei at det var ein aprilsnarr, men dei andre telefonane har eg ikkje svart på. Tanken var at eg skulle unnskylde det med at eg var travel med å planlegge sendinga i kveld, seier Bolstad, som også jobbar som teknikar for Radio Luster.

Og aprilspøken er ikkje noko han kasta ut av seg tilfeldig.

– Den har eg nok gått og togge på i rundt 14 dagar no. fortel Bolstad.

Spelande trenar og falsk ulv

Han er langt frå den einaste som har nytta høvet til å dra ein spøk.

Eirik Bakke

SPELANDE TRENAR: Nei då, Eirik Bakke held nok fram som vanleg trenar.

Foto: Kjell Joran Hansen / NRK

Sogndal Fotball har i dag fortalt at Eirik Bakke no skal bli spelande trenar, noko sportsleg leiar Håvard Flo stilte seg svært positiv til. Det gjorde også følgjarane på Facebook, sjølv om dei raskt skjønte at det var ein spøk.

Avisa Fjordabladet har spøka med lesarane ved å fortelje at det har blitt observert ulv ved Hogaåsen i Nordfjordeid, der det vert jobba med eit nytt bustadfelt.

– Det har vore litt sånne «å, huff»-kommentarar på Facebook. Men eg trur at når først ein seier aprilsnarr, så følgjer andre på. Vi fekk i alle fall ein veldig stor trafikk, så det skapte tydelegvis nysgjerrigheit, seier redaktør Tormod Flatebø.