Hopp til innhold

Etter fem år med varsam vekst er tida moden – no reiser han til USA for å sjå lyset

Med eit nytt eigeutvikla dataprogram i lomma, skal Arild Nybø og kollega Terje Sørbø til Silicon Valley for å lære «the American way of business».

Arild Nybø

PÅ REISEFOT: Laurdag set Arild Nybø og kollega Terje Sørbø seg på flyet til den amerikanske delstaten California og den mykje omtala Silisiumsdalen, Silicon Valley.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Duoen, som er høvesvis dagleg leiar og seniorutviklar i Førde-verksemda Mediebruket, vil lære av dei beste korleis dei kan komme seg ut i verda med sitt nye produkt.

Gjennom Innovasjon Norge-programmet Tinc, får dei fire veker i Palo Alto i verdskjende Silicon Valley.

– Eg håpar å sjå lyset. «Sånn er det vi kan gjere det. Sånn kan vi komme oss inn på marknaden. Sånn er det vi kan få bedrifter til å vekse og greie sjølv å tilføre ressursar». Den Aha-opplevinga er det eg håpar på, seier Arild Nybø.

Etablert i USA

Silje Vallestad

SUKSESS: Bipper-gründer Silje Vallestad er allereie etablert i Silicon Valley.

Det er eit nytt nettbasert system for innsending, mottak og handsaming av søknader dei ynskjer å nå ut med til pengeutdelande stiftingar. Difor følgjer dei no i spora til Bipper-gründer Silje Vallestad frå Mjømna. Ho er allereie etablert i Silicon Valley.

Tidlegare har også suksessgründerane bak Dirtybit nytta godt av Tinc-programmet. For dei opna nettverksbygginga dørene til Apple og Google.

– Det viktigaste er å finne ut om det er liv laga, om det er verdt å satse reimer og tøy, på å lansere dette, seier Nybø.

Fire veker med ny lærdom

Dermed ventar fire veker i teknologiens høgsete. For i Silicon Valley har fleire av verdas største teknologiske selskap sin heim.

Her skal Nybø og Sørbø suge til seg lærdom frå mentorar, dei skal lære om amerikansk forretningsmodell, internasjonalt sal og korleis dei kan utvikle produktet fram mot ei eventuell internasjonal lansering.

– Medan vi tenkjer stein på stein, så tenkjer dei å sikte høgt med det same. Å gå rett på dei største er litt motsett av det vi tenkjer sjølv. Det blir det spennande å lære meir om, seier Nybø.

Har råd til å prøve

Terje Sørbø og Arild Nybø i Mediebruket

UT PÅ TUR: Terje Sørbø (f.v.) og Arild Nybø skal til USA for å lære seg meir om korleis dei kan gjere programmet sitt til ein suksess.

Foto: Guro B. Høgheim / Mediebruket

Mediebruket har i dag seks-sju tilsette, og har vakse jamt og trutt sidan oppstarten for ganske nøyaktig fem år sidan. Dei er eitt av fem i kommunikasjonshuset Riksveg 5.

I dag har konsulentverksemda mellom 150 og 200 kundar. Og nok pengar på bok til å kunne vidareutvikle ein av dei mange ideane som har dukka opp.

– I slike miljø dukkar det opp mange idear, men dei færraste har moglegheit til å fange og prøve nokon av dei ut, seier Nybø.

Ikkje dei første

– Vi har bygd oss opp og har pengar på bok som gjer at vi no har råd til å ta ut ein av dei ideane, og prøve det i eit eige selskap som eit risikoprosjekt. Går det gale, så ryk det noko pengar med, men vi beheld jobbane våre og hus og heim vil stå, legg Nybø til.

«Over dammen» ventar lange dagar med eit tettpakka program. Den same reisa har også Beat frå Mjømna og High Soft Solution i Vik gjort. I alt er det fem norske og fem svenske som no tek turen.

– Det er ein unik sjanse. Vi skal danne vennskap for livet. Og så er det så utruleg mykje å lære, seier Nybø.

Fleire arbeidsplassar

Skulle pengeutdelande stiftingar kaste seg på sunnfjordingane sitt system, vil det vanke fleire arbeidsplassar i Førde.

– Dette vil bli eit tillegg, og dersom det blir ein suksess, så blir det nye arbeidsplassar der. Det blir absolutt ein vekst, seier Nybø.

– Vallestad seier ein ikkje skal vere redd for å feile, men er det noko ein bør vere budd på?

– Ja, og ein må i alle fall ikkje sjå på det som verdas undergang om det går gale. Ein må finne ut kor lenge ein skal drive på for å gjere det til ein suksess. På eitt eller anna tidspunkt må ein jo stikke fingeren i jorda og erkjenne at det vart mislukka.

– Vil det vere ein personleg nedtur?

– Her ville det vere det, men i Silicon Valley er det bra å ha på CV-en at ein har mislukkast. For då reknar ein ikkje med å gjere same feilen ein gong til.