Bipper-gründer Silje Vallestad utnemnd til Young Global Leader

Silje Vallstad frå Florø har blitt utnemnd til «Young Global Leader» av World Economic Forum.

Silje Vallestad, Mette-Marit og Mark Zuckerberg

GRÜNDER: Silje Vallestad har tidlegare blitt utnemnd til Årets kvinnelege gründer. No er med i Young Global Leader, i selskap med mellom anna kronprinsesse Mette-Marit og Facebook-gründer Mark Zuckerberg.

Foto: Montasje /Camilla Waage/cFoto, NRK, Paul Sakuma/Ap

Ho tok imot utmerkinga tysdag saman med mellom anna Chelsea Clinton, står det i ei pressemelding.

– Det er ei utruleg stor ære å bli utnemnd som Young Global Leader, seier Vallestad.

Har utmerkt seg

Vallestad er oppvaksen i Florø, men dei siste åra har ho budd i Bergen. Ho står bak selskapet Bipper som har utvikla programvare for å overvåke mobilbruken til born og for å hindre overfall og valdtekter. I 2011 blei ho kåra til Årets kvinnelege gründer.

Heilt sidan ho var 14 år har Vallestad jobba aktivt med å starte opp idealistiske organisasjonar nasjonalt og internasjonalt. Dei siste åra har ho utmerkt seg som teknologigründer.

I selskap med Facebook-gründeren

Totalt består nettverket av 650 medlemmer, fire av dei er norske. Vallestad er i selskap med mellom anna kronprinsesse Mette-Marit, Facebook-gründer Mark Zuckerberg, kronprinsesse Mary av Danmark og artisten Wyclef Jean.

Young Global Leaders jobbar som ein integrert del av World Economic Forum og deltek aktivt i å sette dagsorden der.

– YGL er ikkje ein møteplass for å drikke champagne med andre suksessfulle unge leiarar, men ein plass der visjonære folk i leiarposisjonar kan ha eit nettverk og saman starte nye prosjekt for å endre verda. Eg gler meg stort over å kunne ta fatt på mine fem år som YGL, seier Vallestad.

I juni skal alle Young Global Leaders treffast i Myanmar i samband med World Economic Forum on East Asia.