Hopp til innhold

Dei jaktar på rev for å berge rypa

Bli med på revejakt i Erdalen i Førde. Sjå innslaget i Vestlandsrevyen her.

Dei jaktar på rev for å berge rypebestanden

På dei siste ti åra er bestanden av rype i den norske fjellheimen nesten halvert. Mykje av skulda har rev og mår, som tek mange av egga i rypereira.

Ser ein endå lengre tilbake var det skote rundt 700.000 ryper i Norge på midten av 1980-talet. I dag reknar ein med at talet er nede i 200.000. Lirypa og fjellrypa er no raudlista fordi artane er vurderte som truga.

Færre på revejakt enn før

Rev og mår lever for det meste av jakt på smågnagarar. Er det dårlege smågnagarår vil dei i større grad gå laus på egga og kyllingane til rypa.

Og samstundes er det færre som jaktar på rev. På 1970-talet vart det skote rundt 70.000 rev årleg, i dag er det nede i rundt 20.000 i året.

Difor blir det oppmoda om å jakte meir på rev, og Ole André Sønnervik og Tor Michael Herland Bywater i Førde er mellom dei som har gjort innhogg i revebestanden. I fjor skaut dei 26 dyr.

Norges Jeger og Fiskeforbund (NJFF Sogn og Fjordane) har mellom anna invitert til ein konkurranse med premiar til dei som skyt mest av rovdyra som trugar rypebestanden.

Nyare forsking, mellom anna med bruk av viltkamera, har dokumentert at rev og mår er dei største syndarane i så måte, skriv forsking.no.