Hopp til innhold

Dei har fått over 300.000 i pengegåver

Aksjonistane som i fleire veker hindra gruveprosjektet i Engebøfjellet i Vevring, har fått mykje hjelp på vegen – også frå høgsterettsadvokat Harald Stabell.

Aksjonerer på Engebøfjellet

MANGE I RYGGEN: I tre veker vart det drive sivil ulydnad i Vevring og på Engebøfjellet. Aksjonistane lenka seg fast til maskinene for å stoppe boringa. Dei får støtte frå mange.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Til saman har rundt 300.000 kroner tikka inn på kontoen i samband med aksjonane.

– Det aller meste har gått til det praktiske til aksjonane, og det vil så klart ikkje gå til bøter, seier nestleiar i Natur og Ungdom, Magnus Storvoll Strømseth.

Pengestøtte og gratis advokat

Men i tillegg går det også føre seg innsamling til bøtene, utan at Strømseth kan seie kva summen er komen opp i der.

Aksjon Engebøfjellet

OVER EIN MILLION I BØTER: Ane Margrethe Ugelvik og Magnus Storvoll Strømseth er blant dei som har lenka seg fast.

Foto: Privat

– Det er ikkje vi som driv med dette. Det er folk som ikkje har vore med og aksjonert sjølv, men som ønskjer å bidra til aksjonane, seier han.

Alt frå privatpersonar til foreiningar og fylkes- og lokallag frå ulike politiske parti, har støtta dei. I tillegg har aksjonistane fått gratis juridisk rådgjeving frå den velkjende høgsterettsadvokaten Harald Stabell.

– Vi har under heile aksjonsperioden hatt kontakt med Harald Stabell, i høve til spørsmål om juridiske problemstillingar. Han hjelper oss når han har tid, utan å ta betalt for det, seier Strømseth.

– Vil han også hjelpe dykk i ei eventuell rettssak mot Nordic Mining?

Harald Stabell

GRATIS RÅD: Høgsterettsadvokat Harald Stabell har hjelpt aksjonistane.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

– Det kan tenkast, men det er ikkje noko vi har avklart med han førebels.

Stabell stadfestar dette overfor NRK.

– Eg har sagt at vi får snakke om dette dersom det blir rettssak. For mitt arbeid til no vil eg ikkje ta betaling, skriv han i ein SMS.

– Trist at folk betalar for ulovlege aksjonar

For Nordic Mining har aksjonane skapt store forseinkingar i prøveboringsprosessen. Til slutt fekk gruveselskapet nok, og varsla søksmål.

I ettertid har dei revurdert trugsmålet. Administrerande direktør Ivar Fossum sa til NTB at dei ville vente fordi dei ikkje hadde full oversikt over ekstra kostnader som følgje av aksjonane.

Nordic Mining-direktøren har lite til overs for at folk vel å støtte aksjonistane økonomisk.

Ivar Fossum

FEKK NOK: Nordic Mining-direktør Ivar Fossum var neppe så blid då han truga med søksmål, som det han var her under første aksjonsdag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg synest det er trist at folk er med og betalar for ulovlege aksjonar. Vi har gjort alt vi kan for å følgje lover og reglar, og andre fremjar synspunkt gjennom ulovlege aksjonar, så eg har ikkje så mykje sympati med dei, seier Fossum.

Han har ingen kommentar til at Harald Stabell har strekt ut ei hjelpande hand til aksjonistane. Førebels har ikkje Nordic Mining teke ei endeleg avgjer i høve til om dei vil gjere alvor av trugslane om søksmål.

– Vi fokuserer på å ta igjen forseinkingane og gjere boreprosjektet ferdig, så får vi kome tilbake til det etter kvart, seier Fossum.