Måndag kom meldinga om at Norsk Folkehjelp avviklar på Vassenden og at ni tilsette mister jobben.
Aktiviteten skal trappast ned frå 1. mars og 1. juli er det heilt slutt. Regjeringa har bestemt at kapasiteten på asylmottak skal ned fordi flyktningstraumen har minska.
NRK har snakka med handlande på Jølstraholmen som synest det er trasig at asylmottaket skal leggast ned.
Det står i kontrast til uroa frå før mottaket vart oppretta.
- LES OGSÅ: – Dette betyr 15 tapte årsverk
Belastning
– Vi ser for oss ei stor belastning for eit lite lokalsamfunn med over 100 asylantar som skal ha skule, barnehage og alle andre tenester, sa dåverande varaordførar Judith Kapstad (V) i august 2009.
- LES OGSÅ:
Eit samla formannskap hadde då følgd rådmannen sitt råd om å seie nei til eit nytt asylmottak. Men mottaket kom likevel i 2010. I dag synest Kapstad det er trist at det forsvinn.
– Min første tanke var trist. Eg tykkjer synd på dei tilsette som brått får beskjed om at det er slutt. Eg tykkjer personleg at mottaket har lært oss ein god del om andre kulturar, seier Kapstad.
– Kva skjedde frå motstand til at de no sørgar over at det forsvinn?
– Eg trur erfaringa om at dette gjekk rimeleg greitt.
Lang historie
Det er ei lang historie bak bygget som framleis er skilta som Jølster Hotell. Det var hotell fram til slutten av nittitalet. I 1998 vart det asylmottak mot bygda sin vilje. I 2001 vart det lagt ned att. I 2008 og 2009 blussa diskusjonen opp att, før det vart opna mottak igjen i 2010.
– Eg trur dette blir eit lite vakuum for Vassenden. Det betyr ein god del for mellom anna butikken at så pass mange menneske bur her, seier Magne Støfring, over ein kaffikopp på Jølstraholmen saman med Anders Eikås.
Dei er to av eigarane i bygget som snart skal tømmast.
– Eg føler at stemninga vore bra heile tida. Grendefolket seier dei legg lite merke til mottaket, seier Støfring.
Anders Eikås trur mange tykkjer det er trist at mottaket forsvinn.
– Dei har vore flinke dei som har drive mottaket. Stemninga vart litt amputert no når dei må slutte.
Vemod
Dei tilsette fortel til NRK at nedleggingsbeskjeden skapte vemod og sinne. Dei skryt over eit godt arbeidsmiljø og samarbeidet med grendefolk og kommune. Og kor flinke asylantane har vore til å engasjere seg.
– Vi har lært mykje i Jølster desse åra, seier Judith Kapstad.
For andre gong har ho og vassendbygda sett eit asylmottak bli lagt ned. Etter å ha først kjempa mot det at det skulle bli oppretta. Desse opprivande vendingane har vore krevjande.
– Ja, desse brå endringane er ikkje lett å takle, spesielt i små kommunar. Det er tydeleg at systemet ikkje er godt, meiner Kapstad.