Hopp til innhold

Rår frå asylmottak på Vassenden

Rådmannen i Jølster rår frå at det blir oppretta asylmottak ved Jølster hotell.

Lene Seim ynskjer å drive friluftshotell på Vassenden.

Lene Seim ynskjer å drive friluftshotell på Vassenden.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Eigaren Ottar Øygard har avtale med UDI om oppretting av mottak, men kommunen, som høyringsinstans, vil heller at Jølster hotell skal vidareførast som hotell. Politikarane handsamar saka på måndag.

- Administrasjonen er veldig klar og har sagt at dei rår frå at det blir oppretta statleg asylmottak på Jølster hotell, stadfestar ordførar Gerd Dvergsdal.

- Fantastisk for hotell

Dermed er kampen igang om kor vidt det gamle sveitserhotellet frå slutten av 1800-talet blir asylmottak, eller blir drive vidare som eit friluftshotell, slik Lene Seim har planar om.

- Du har golfklubben, skisenteret, raftingen og Jølstraholmen camping. Det er fantastisk for eit hotell å ha så mykje aktivitetar så nærme. Det er naturleg å gjere det til ein stad for aktive gjester, seier ho.

Urettferdig konkurranse

Seim var i kontakt med hotelleigaren før han gjekk inn avtale med Norsk Mottaksdrift. Dei diskuterte då ein pris på fem millionar kroner. Men før forhandlingane vart avslutta, gjekk Øygard inn bindande avtale om eit asylmottak for 130 personar. Ho opplever konkurransen som urettferdig.

- Norsk Mottaksdrift, gjennom UDI, har statlege verkemiddel som er gode. Difor er det tankevekkande at ein som næringsdrivande ikkje har noko å stille opp med så lenge desse verkemidla er inne. Då stiller eg spørsmålsteiknet om det er rett at UDI pressar igjennom ei sak der dei står ivegen for næringsutvikling, seier ho.

Jølster Hotell

Hotellbygningen på Jølster er taksert til 6,5 millionar kroner.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Gir ikkje opp

I dagens Firda oppmoda Egil Hjelmbrekke ved Jølstraholmen camping det lokale næringslivet i bygda, til å gå saman for at hotellet skal drivast vidare. Seim jobbar no aktivt for å skaffe investorar frå næringslivet.

- Slik eg ser det, så kan næringaktørane vere med å gje hotellet gode føresetnadar for å ta målgruppa på alvor. Ein god styresamansetnad er veldig viktig i arbeidet, seier ho.

La vekt på lokalsamfunnet

Og politikarane og administrasjonen i kommunen er positive til dette. Politikarane er skeptsike til å ta imot 130 asylsøkjarar i ei bygd der både skule og barnehagar er sprengde.

- Ein av dei grunnane som ein legg til vekt i tilrådinga frå administrasjonen, er at det er eit sterkt ynskje å kunne drive hotell i framtida. Det er på bakgrunn av det lokale miljøet og den informasjon som vi har fått - at ein finn å kunne reise opp at hotellet. Det er noko som lokalbefolkninga og politikarane i Jølster tykkjer er spennande, seier ordførar Dvergsdal.

Held seg til avtalen

Regiondirektør i UDI, Atle Berge, avgjer innan 12 dagar kva som vil skje med hotellet på Vassenden. Han seier at han held seg til at hotelleigaren har gått inn avtale om å drive asylmottak.

- Dersom utleigar har gjort avtale med ein annan, så erdet klart at det er ein heilt annan situasjon. Men eg kjenner ikkje til det i dag, seier han.