Hopp til innhold

Dei diskar opp til artistane på Malakoff Rockfestival

NORDFJORDEID (NRK): Truls Hamre og Johanna Utvær får møte mange av banda på Malakoff Rockfestival. Dei serverar nemleg artistane mat.

Malakoff 2017

LAGAR MAT TIL ARTISTANE: I eit gult telt kan artistane gå for å få seg mat under Malakoff Rockfestival. To av dei som står for serveringa er elevane i kokk – og servitørfaget Truls Hamre og Johanna Utvær.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er veldig artig å jobbe her. Det er både spennande og gøy, seier Truls Hamre.

Mat Malakoff

CHILI CON CARNE: På formiddagsmenyen gjekk det mest i chili con carne, men søtpotetsuppa var også populær.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han innrømmer at han kunne ha tenkt seg å ha vore ute for å høyre på musikken, men i teltet får han mogelegheita til å sjå dei fleste stjernene uansett.

– Det er ei oppleving å stå her. Det er ganske inspirerande. Det er ein annan måte å jobbe på og ikkje så veldig vanleg. Eg får treffe nye folk og det er artig, fortel Hamre.

– Eg gler meg veldig til å smake på maten, seier ein i køen som vil ha chili con carne.

Mat på Malakoff

I DET GULE TELTET: Her får artistane mat og elevane ved kokk – og servitørfag får trent seg i yrket på ein litt annleis måte enn vanleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Førebuing

– For det meste har eg vore med på å førebuingane. Det meste av maten blir laga her inne i teltet. Det som vi har på menyen no har vi teke med, varma opp også blir det servert som ein buffé, seier han.

Akkurat under lunsjtider har dei ikkje så mykje å gjere, men det tek seg opp til kvelden. Særleg under middagen er der mange artistar som stikk innom det gule teltet. Òg menyen vert forandra ut over dagen og kvelden.

Servering

LUNSJEN: Akkurat under lunsjen går det mest chili con carne. – Det er den einaste varmretten vi har akkurat no. Den er veldig god, seier Johanna Utvær.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

God mat og freistande konsertar

– Ein sa han likte veldig godt kaka. Vi har ei konfektkake som er veldig god, seier Hamre.

Sjølve har dei ikkje kasta seg over maten, men seier dei får lov til å ta seg ein smakebit.

– Det kan vere at vi har nokre hemmelege ingrediensar på lur, men vi et ikkje så mykje sjølve. Men det er ikkje ulovleg å ta seg eit måltid om vi blir svoltne, seier Utvær.

Hamre innrømmer at han gler seg litt til skiftet er over.

– Sjølv om det er kjekt å servere mat til artistane, gler eg meg litt til skiftet er ferdig. Då skal eg rett ut for å sjå Carpe Diem. Det er eit kjempe bra band.

Mat på Malakoff

ULIKE RETTAR: – Vi har pastasalat med skinke, kylling og karri. I tillegg har vi couscous og salat med scampi. På andre sida har vi vegetarmat som tomatsalat og steikte grønsaker, seier Utvær.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK