Hopp til innhold

Sjå sendinga - og les dei beste sitata

I dag var det Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet som måtte i elden og blei spurt om politisk liv og politikk direkte på NRK Sogn og Fjordane.

Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet måtte svare for seg i NRK Sogn og Fjordane si partiutspørring.

GJEKK DIREKTE: Her kan du sjå heile utspørjinga av Frank Willy Djuvik frå Frp (t.h). Programleiar var Erlend Blaalid Oldeide.

Vallogo

Om innvandring og striden rundt varaordføraren i Solund (les saka her):

«Eg er heilt samd med John Kåre Larsen, og det eg synest er mest trist med denne saka er det at Trude Brosvik prøver å spele politisk mynt ved å kalle dette grums og prøve å kvele ein debatt.»

Eg og har ein frykt for at radikalisert ungdom kan gjere ting her i Norge, men eg er ikkje like redd der eg bur for at det skal skje. Men eg forstår godt dei som har den frykta.

Om striden rundt si eiga rolle i partiet og internt bråk i Frp:

«Eg tenker at det er eit sunnheitsteikn for eit parti at vi har fleire kandidatar som ønskjer eit verv. Vi er eit veldig samla parti som no går inn i valkampen.»

Om dei komande kutta i fylkeskommunen sin økonomi:

«Det viktigaste vi kan gjere for at dette ikkje skal vere ein debatt kvart einaste år og kvar einaste valkamp om kvar vi skal kutte, så er det mest avgjerande vi gjer er å snu folketalsutviklinga vår.»

«Det første og aller viktigaste fylkeskommunen må gjere er å redusere administrasjon og byråkrati. Vi kan altså ikkje ha det slik at det er tenestene for brukarane som skal vere dei skadelidande.»

«Det er openbert at skulestrukturen ikkje vil stå seg i komande periode, der må ein gjere noko. Det har jo primært med at det blir færre elevar.»

Om Førdepakken og bompengering:

«Får Frp større oppslutning i Førde og Sogn og Fjordane, så er dette ei sak som vil bli teke opp att. Eg snakka seinast i dag med ordførarkandidaten i Førde, og han kjem til å setje krav om at bompengesøknaden blir trekt dersom han skal støtte ein ordførar.»

Om eit fylkesting utan seg sjølv:

«Det ville vore ganske kjedeleg der då, men kanskje vel så viktig så meiner eg at eg har veldig god kontakt med det sentrale regjeringsapparatet. Det betyr at eg har moglegheit til å påverke den nasjonale politikken på vegner av veljarane i Sogn og Fjordane enn det andre har.»