Hopp til innhold

Dei 15 mest leste sakene i 2016

Her er sakene til NRK Sogn og Fjordane som fenga flest i året som gjekk.

Skålamannen

VILLMANNEN: Bilda frå saka om Bjørn Vike som bygde ny turisthytte på Skåla vart lønna med pris under journalistkonferansen «Hauststormen» i år.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

1. Toåring vandra åleine langs vegen, ingen stoppa

Historia om tre unge studentar som fann ein toåring vandrande aleine ved Loftesnesbrua på riksveg 55 i Sogndal rørte flest av NRK Sogn og Fjordane sine lesarar i år.

Jentene vart vekte av barnegråt utanfor vindauget på rommet deira ved Sogndal vandrarheim.

– Eg såg ut, og der på vegen såg eg jenta springa ute i vegen åleine. Der var òg ein bil som køyrde forbi henne, som må ha sett henne, men som ikkje stoppa, sa ein av jentene.

Toåringen hadde vandra 2,5 kilometer mutters åleine, i berre sko og bleie.

2. Helse Førde-ambulanse i Albania: Eg måtte snu meg to gonger

Kva hadde du tenkt om du såg ein ambulanse frå heimfylket på gata i Albania?

Frederik Fossum frå Kristiansand fekk seg ei overrasking då denne ambulansen kom køyrande forbi han då han var på biltur frå Albania til Montenegro.

3. Ekstremvêret Urd: Ber folk halde seg innandørs

Ekstremvêret Urd tok Vestlandet med storm. Mange tusen menneske mista straumen under stormen andre juledag, men ingen alvorlege personskadar vart registrerte under stormen.

4. No får ikkje anal-legen lenger jobbe som lege

Fekk du med deg saka om den berykta «anal-legen»? Han var kommunelege og vikarlege i mellom anna Verran i Nord-Trøndelag, Kautokeino i Finnmark og Jølster i Sogn og Fjordane.

Alle tre stadane fekk han sparken for sin praksis med å stikke fingrane opp i bakenden på pasientane.

5. Uver herjar i fjellet – fleire fjellovergangar er stengde 1. juledag

Uvêr i juletida er skikkeleg ubeleileg, men heldigvis lagde vi sak om alle vegane som var opne – og alle som var stengde.

6. Fanga av toppidretten

Kjell Ove Hauge innrømte doping utan å mukke. Då vart det stille frå friidrettspresidenten i den andre enden av telefonen.

– Eg får framleis vondt i hjartet av å tenkje på det, seier tidlegare friidrettspresident Anne Thidemann.

7. Ivo kom seg laus – Marleen må betale 100.000 kroner

Saka om Marleen Hodne og hunden Ivo som kom seg laus engasjerte mange, både på den eine og den andre sida.

8. Ekstremvêret Tor vil råke hardt: Ber folk halde seg inne

«Tor» opna 2016 med eit brak i fjor.

Ekstremveret «Tor» vil råke hardt: Ber folk halde seg inne fredag kveld

9. Fjellet tok bygda

Les den gripande historia om bygda som miste 135 menneske til fjellet.

10. Her blir 20 sauer forsøkt stole i ein hengar

Ein mann i 40-åra blei teken på fersk gjerning av eigaren då han forsøkte å stele 20 sauer på Hemsedalsfjellet i august.

11. Eit siste ja

Skjebnen slo beina under familien Grimeland. På grunn av deira val vart fleire familiar stabla på beina att.

12. Videoen han ikkje orkar sjå

Tord Are Meisterplass vart lam frå skuldrene og ned i ei skiulukke. Les den gripande historia hans her:

13. Her kjem Widerøe-flyet sidelengs mot rullebana

Både små og store stod måpande og såg Widerøe-pilotane takle den kraftige vinden i Florø.

Widerøe-pilotane kjempa forgjeves mot vindkasta. Medan små og store følgde innflyginga med store auge.

14. Villmannen på Skåla

Bjørn Vike lever eit arbeidsliv få av oss kan sjå for oss. Høgt oppe, på mange av Noregs tak.

15. Biskopen kalla presten Helene illojal

Biskopen var slett ikkje nøgd med at den kvinnelege presten Helene Langeland fann seg ein ny mann utan å gifte seg.