Hopp til innhold

Biskopen kalla presten Helene illojal då ho fann seg ny sambuar

LÆRDAL (NRK): Biskopen var slett ikkje nøgd med at den kvinnelege presten Helene Langeland fann seg ein ny mann utan å gifte seg.

Prest Helene Langeland er skild og sambuar. Det likar biskop i Bjørgvin dårleg.

Då Helene Langeland fekk ny kjærast vekte det reaksjonar frå sjefen fordi ho valde å ikkje gifte seg. No håpar ho at kyrkja snart skal vise eit større mangfald og meir toleranse.

– Kyrkja bør vere ein stad der alle kjenner seg velkomne, seier ho.

Etter ei skilsmisse fann Langeland igjen kjærleiken for fire år sidan. Som prest i Hauge kyrkje vekte det reaksjonar frå biskopen at ho ikkje ynskte å gifte seg med mannen ho no var blitt saman med.

Du har soleis ikkje vist den lojalitet mot kyrkje som ein bør kunne forvente av ein prest

Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug

Blei irettesett

– Eg blei kalla inn på teppet og fortalt at eg ikkje lever slik det sømer seg at ein prest skal leve, seier ho.

Hauge kyrkje høyrer til Bjørgvin bispedøme, og tidlegare har bispedømet uttalt at samlivsform er relevant for kven dei vil tilsetje og ikkje.

– Eg sit igjen med ei kjensle av å ikkje vere bra nok, og det er ei kjensle som ikkje høyrer heime i kyrkja.

Skarpt brev frå sjefen

Like etter at ho blei saman med ein ny mann fekk ho dette brevet frå biskop Halvor Nordhaug om at samlivsforma hennar ikkje var i tråd med kyrkja:

Langeland opplevde noko støtte frå andre prestekollegaer, men frå bispedømet fekk ho lite forståing.

– Då eg skilde meg kjendest det ut som at noko gjekk sund i meg, og då eg endeleg fann kjærleiken på nytt, hadde det vore fint om kyrkja var ein stad eg kunne få støtte, seier ho.

Brev frå Bjørgvin

STØTTAR IKKJE. Biskop i Bjørgvin støttar ikkje at presten har vald å vere sambuar.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Har stått imot presset

Sjølv har ho kjent på presset til å gifte seg, men har stått imot. Ho vil heller ikkje at unge, nyutdanna prestar skal kjenne seg tvinga til å måtte gifte seg berre for å passe inn.

– Det er lett å vere usikker som menneske, og det burde ikkje vere naudsynt for folk å gifte seg berre for å gjere det. Eg veit om fleire som har to forskjellige adresser og skjuler at dei bur i lag, berre for å unngå å bli sett ned på i kyrkja, seier ho.

Prestar bør gifte seg

Biskop Halvor Nordhaug meiner det var rett å sende eit personleg brev til Langeland.

– Det var ei tydeleg skriftleg irettesetting, og etter mi vurdering er det ein rett reaksjon frå meg som biskop og noko Langeland burde ha forventa seg, seier han.

Biskop Halvor Nordhaug

PERMISJON. Dersom prestar er sambuarar bør dei helst ta permisjon ei stund, meiner biskop Halvor Nordhaug.

Foto: Presse

Nordhaug fortel at kyrkja forstår ut frå Guds ord, og ut frå ei samla etisk vurdering er ekteskapet den rette ordninga for samliv. Han legg til at prestar er førebilete for kyrkjelyden og at kyrkja difor forventar at dei giftar seg framfor å leve i sambuarskap.

– Dersom ein prest er sambuar med nokon og usikker på om han eller ho ynskjer å gifte seg bør ein i første omgang søke permisjon for ei tid, seier han.

Laurdag kveld kom Nordhaug med denne presiseringa:

«Kyrkja forstår ut frå Guds ord og ut frå ei samla etisk vurdering ekteskapet som den beste og rette ordninga for samliv. Her gir ein kvarandre offentleg og forpliktande løfte om trufasthet. Dermed får partane også ei anna form for tryggleik og vern enn i sambuskap. Prestar er førebilete for kyrkjelyden og kyrkja forventar difor at dei ordnar sitt samliv som ekteskap. Slik har det alltid vore. Dette er ei haldning som biskopane er samde om og som er stadfesta ved vedtak i Bispemøtet.»