NRK Meny
Normal

Dårlegare laksefangst - nedgang på fem tonn

Talet på fanga laks i Sogn og Fjordane gjekk ned med over fem tonn i 2014.

Lærdalselvi

LÆRDALSELVI: I Lærdalselvi har laksefisket halde seg stabilt sidan i fjor, og det er teke meir aure. Men laksefisket totalt i fylket har gått ned med fem tonn.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Totalt i 2014 vart det teke 5862 laks i elvene, med total vekt på nesten 26 tonn. Til samanlikning var tala 6680 laks med totalvekt på 30,5 tonn i 2013. Fangsten i år er den lågaste sidan 2010.

– Kva som er årsaka til nedgangen er vanskeleg å seie, men det har vore ein tørr sommar med låg vassføring i fleire elver. Det har spesielt vore eit problem i dei minste elvene. Elles kan problematikken rundt lakselus også bidra, seier Jon Anton Gladsø hjå fylkesmannen.

Tal frå fisket i 2014 syner at 3528 laks vart avliva, medan 2334 vart sette ut att i vassdraga. Fangsten gjekk ned i dei fleste elvene, men Daleelva i Høyanger, Nærøydalselvi og Vikja alle hadde auka laksefangstar samanlikna me året.

Godt år i Lærdalselvi

Lærdalselvi er den suverent største elva i fylket når det gjeld fangst. Sju av dei 26 tonna som er fanga i fylket kjem frå Lærdalselvi.

– Vi har hatt ein bra sesong og er veldig nøgde med fangsttala. Like mykje laks som i fjor, og ein del meir aure. Men vi har og hatt ei teljing som syner at det står att bra med gytefisk i elva. Det ser bra ut, seier leiar i Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun.

Dronninga av lakseelver, som Lærdalselvi ofte vert kalla, vart opna for fiske sommaren 2013, etter problem med lakseparasitten Gyrodactylus Salaris i ei årrekke. Etter fleire harde behandlingar der mykje fisk har gått tapt, har parasitten kome tilbake kvar gong. Men no håpar dei problemet er over.

– Det aller viktigaste for Lærdalselvi er om vi er kvitt gyroen. Det veit vi ikkje enno, men to prøvar i haust synte ikkje gyro. Men det er ein lang veg fram. Først i 2017 kan vi erklære elva frisk. Men det ser bra ut no, seier Sælthun.

Fangsten i 2014 er faktisk på nivå med gode år før parasitten sine herjingar.

– Sju tonn er eit bra år, også historisk, seier Sælthun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaum - stranda laks

STRANDA: Her hamna denne laksen etter flaumen i Lærdalselvi. Sju tonn vart fiska opp på den gode gamle måten.

Foto: Sindre Sunde Tveit

Tøft i Kvamselva, men oppløftande teikn

Men mange av dei mindre elvene har altså slite i år. Gladsø hjå fylkesmannen seier grunnen er låg vassføring.

– I år har vi mellom anna opna Kvamselva for fiske. Men på grunn av veldig låg vassføring, var det ikkje mogleg å få gjennomført godt fiske der i år, seier han.

Formann i Kvamselva elveeigarlag, Reidar Aase, seier forureininga som har råka mange elver, men ekstra hardt i Kvamselva, er ein del av forklaringa. Men vassføringa var svært låg.

– Vi skulle fiske i juli, men då var det ikkje vatn. Elva vart veldig liten. Fisken kunne ikkje gå opp, seier Aase.

Likevel er det klare lyspunkt. For i haust fekk dei gjennomført ei teljing, seier Aase.

– Det er fisk i elva. Dei telte 150 gytefisk, og trudde det var meir. Eg vart forundra. No jobbar vi for å reparere ei laksetrapp til eit anna flott gyteområde. Vi har stor tru på at vi skal berge denne lakseelva.

(Artikkelen held fram under biletet)

navelsaker

TOK PRØVER: Leiar i landbruksetaten i Gaular kommune, Kjell Navelsaker tok prøver av Kvamselva i Gaular Kommune, ei av elvene som er hardt råka av forureining.

Foto: Sindre Sunde Tveit/NRK

Usikker på framtida

Trass nedgangen finn Gladsø og fylkesmannen lyspunkt i tala.

– Elvefisket har vore relativt stabilt dei siste åra, og det vart faktisk fanga litt meir sjølaks i 2014 enn 2013. Det er og ein liten oppgang i sjøauren, mellom anna på grunn av gode tal i ein del vassdrag i indre Sogn og Strynselva, elver som har hatt bra med vatn, og som er langt unna påverknad frå lakselus

– Korleis er framtidsutsiktene?

– Vi hadde jo håpa at dei to siste åra skulle halde seg som tidlegare år. Men vi håpar det berre er ein liten bølgedal og at det går oppover att. Men det er veldig usikkert. Vi håpar i alle fall ikkje at det fortset å gå ned, seier Gladsø.

Laksefisket i elvene i 2014

Elv

Tal avliva

Tal utsett

Tal totalt

Kilo totalt

Åelva/Ommedalselva

 75

 41

 116

 625

Årdalsvassdraget

 98

 4

 102

 383

Årøyelvi

 35

 98

 133

 670

Aurlandselvi *

 1

 18

 19

 108

Bøelva

 18

 0

 18

 37

Bortneelva

 0

 0

 0

 0

Daleelva i Høyanger

 226

 66

 292

 1014

Eidselva

 138

 24

 162

 635

Ervikelva

 150

 0

 150

 293

Flåmselvi

 2

 39

 41

 235

Flekkeelva

 282

 0

 282

 1087

Fortunselvi

 17

 25

 42

 172

Gaula i Sunnfjord

 292

 249

 541

 2026

Gloppenelva

 162

 55

 217

 987

Henjaelvi

0

0

0

0

Hjalma

9

0

9

29

Hopselva/Straumselva

26

0

26

79

Indrehusvatnet i Bremanger

16

0

16

35

Jølstra (Førdeelva)

18

121

139

688

Jostedøla

7

0

7

37

Kvamselva

0

0

0

0

Lærdalselvi

265

713

978

6942

Loelva (Loenvassdraget)

55

1

56

370

Mørkridselvi

0

51

51

318

Nærøydalselvi

50

296

346

1895

Nausta

605

331

936

2498

Norddalselva i Flora

44

0

44

145

Oldenelva

36

24

60

432

Ortensvikselva

11

0

11

43

Osenelva (Svardalselva)

37

92

129

549

Rivedalselva*

0

0

0

0

Ryggelva

8

0

8

28

Sogndalselvi

98

0

98

373

Solheimsvassdraget

26

0

26

103

Storelva i Dale (Dalselva)

34

0

34

72

Storelvi i Fjærland

12

0

12

70

Strynselva

87

74

161

1028

Vetlefjordelvi

2

5

7

17

Vikja

586

7

593

1951

TOTALT

3528

2334

5862

25973

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå