Hopp til innhold

Skal sjekke alle elvane i Noreg - vasskvaliteten skal bli betre

Ein fjerdel av alle elvar i Noreg har for dårleg vasskvalitet på grunn av forureining. No skal eit landsomfattande prosjekt betre tilstanden i elvane.

Navelsaker

VIL HA TILBAKE LIVET I ELVANE: Kjell Navelsaker er uroa over tilstanden i elvane i Sogn og Fjordane.

Foto: Sindre Sunde Tveit

– Eg vil ha tilbake livet i elvane her i Sogn og Fjordane. Vi ønskjer å både fiske og bade på ein tryggjande måte her, seier leiar for landbruksetaten i Gaular kommune, Kjell Navelsaker.

Gaular er ei av dei fyrste kommunane som har sett i gang med det landsomfattande prosjektet. Meir enn ein fjerdel av elvane i Noreg er forureina ifølgje tal frå Miljødirektoratet, og Kvamselva er den elva i Gaular kommune det står verst til med. Det som tidlegare var ei god fiskeelv, er no nesten utan liv.

Har tatt grep

Hovudårsaka til forureininga er utslepp av silosaft frå gardar som ligg rundt elvane.

Det er lokalisert forureining i Kvamselva tidlegare, og no vil Navelsaker ha ei oppfølging. Dei som tidlegare har forurenset vassdraget i Gaular, har fått krav om gjere ei rekke tiltak for å få slutt på forureininga.

– Vi har lokalisert forureining her tidlegare, no ville vi ha ei oppfølging og sjekke om det er gjort forbetringar. Forureininga gjer at yngel og fisk ikkje får dei vekstvilkåra dei treng, fortel Navelsaker.

No er målet at elvane skal bli slik dei har vore tidlegare.

– Eg håpar at Kvamselva kan bli det den ein gong var, det hadde vore fantastisk, seier Navelsaker.


Reidar Aase, formann i Kvamselva elveeigarlag, meiner alle som er glade i å fiske laks bør like at desse helsesjekkane blir gjennomførde. Men han trur det er meir enn silosaft som har forureina elva.

– Det kan kome ein del frå husstandane også. Dei har vaskemaskinar og oppvaskmaskinar som det kjem ein del forureining frå som også går i elva.

Elveeigarlaget vil halde fram med å jobbe med Gaular kommune og rapportere det dei ser, men Aase seier at ansvaret skal ligge hos kommunen.

– Det må vere opp til kommunen kva som skal gjerast. Det er deira oppgåve, ikkje vår.

(Artikkelen held fram under biletet).

navelsaker

TEK PRØVER: Leiar i landbruksetaten i Gaular kommune, Kjell Navelsaker tek prøver av Kvamselva i Gaular Kommune.

Foto: Sindre Sunde Tveit/NRK

Skal sjekke alle elvar

Over ein firedel av alle norske vassdrag har for dårleg vasstilstand. I Sogn og Fjordane er det meir enn halvparten av alle elvane.

– No har vi rett og slett ein landsomfattande helsesjekk av norsk vatn, seier Line Fjellvær, seniorrådgjevar i Miljørdirektoratet.

Alle kommunane kan sette inn eigne tiltak ut ifrå kva behov dei har i sine eigne kommunar.

– Det kan til dømes vere opprydding av forureina grunn, eller oppgradering av reinseannlegg, fortel Fjellvær.

Grunn til bekymring

Målet er at elvene i landet skal få betre vasskvalitet innan 2021.

Leiar i Natuvernforbundet i Sogn og Fjordane, Torleif Jacobsen, meiner det må skje raskare. For i fylket hans har over halvparten av elvene for dårleg tilstand.

– Det gir absolutt ein grunn til bekymring. Her har kommunane i Sogn og Fjordane ein viktig jobb å gjere. No må kommunane redde elvane sine. Det blir verre så lenge ein ventar, seier Jacobsen.