Det vart nok ein friskare tur enn venta for glopparen Svein Ove Ask. Han har sett seg føre å ro frå Bergen til Ålesund og la frå kai på søndag. Etter ein god start, sette tysdagens uvêr ein solid stoggar for turen - full storm i kasta let seg nemleg dårleg kombinere med langtur i robåt.
No ventar han på betre ver på Hardbakke, ytst i Sognefjorden.
Frisk fjord
- Eg kom hit i går kveld etter å ha kryssa Sognesjøen i ein liten kuling. Då var det ikkje forsvarleg å reise vidare, seier Svein Ove Ask. Men idag har veret vorte enno friskare, og no ligg Ask i Hardbakke til fjorden roar seg att.
- Sjøen ser ikkje bra ut i dag, konstaterer han.
Bergen-Ålesund på to veker
Bakgrunnen for roturen er at Ask ønskjer å markere 100-års-minnet for at verdas første overbygde livbåt kryssa Nord-Atlanteren, det såkalla "Brudeegget". Dette tok fem månedar. Sjølv rekna Ask med å bruke to veker på si private minnesmarkering -ein rotur frå Bergen til Ålesund. Men det var før full storm med vind på 50 knop trefte kysten i dag.
Tar julefeiringa på land
Men Svein Ove Ask klagar ikkje. - Eg har hatt kjempeflaks heile vegen hit, med medstraum og medvind heile vegen opp hit frå Bergen, seier Ask, som meiner han skal tole eit så lite slag i trynet. Om han kjem seg heilt til Ålesund er likevel tvilsomt. - Eg har ikkje større ambisjonar enn å kome meg til Måløy, før det byrjar å nærme seg jul, seier Svein Ove Ask.
For ein ting er sikkert; det blir ikkje julefeiring i båten.
Svein Ove Ask. Foto Torje Bjellaas NRK