Hopp til innhold

Dale senka tabelljumbo Skeid

Med to mål av Tarjei Dale vann Sogndal 2-1 over Skeid i kveldens kamp.

Video nsps_upload_2009_7_6_12_54_13_282.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjansar og mål i kampen mellom Sogndal og Skeid i 14. runde i Adeccoligaen.

Med siger over Skeid aukar dei forspranget på tabellen, konstaterer ein letta Dale.

- Ja, i dag er eg veldig letta. Det sat langt inne på slutten. Då Skeid scora, såg eg føre meg nokre ekle minutt. Heldigvis var kampen over, seier tomålshelten til Sogndal.

Dale er no oppe i seks seriemål, og fire cupmål, for Sogndal.

Redusering på overtid

Per Egil Flo, Tarjei Dale, Espen Olsen og Jon Midttun Lie

Tarjei Dale blir gratulert av Espen Olsen og Per Egil Flo.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Tarjei Dale scora både i det 15. i det 83. Første scoringa kom etter at Furebotn viste fram lekker teknikk på høgrekanten. Årdølen drog av eit par motspelarar før han fekk lagt inn til kaptein Rune Bolseth. Sandensaren sende ballen vidare til Dale som først heada i stolpen, men så plasserte returen sikkert i mål.

Siste scoringa kom etter innlegg frå servitøren Per Egil Flo. Stryningen har vore nest sist på ballen ved seks av scoringane i år. Deretter reduserte Skeid to minutt på overtid ved Thomas Valø.

Sjå kampoppdateringa minutt for minutt.

Det vart ingen stor kamp på Fosshaugane, men Sogndal gjorde jobben og sikra seg tre viktige poeng på ein dårleg dag.

Sidan konkurrentane Kongsvinger, Nybergsund og Haugesund tapte sine oppgjer, er Sogndal no fem poeng føre neste rival - Hønefoss.

For tabelljumbo Skeid sin del, ser det derimot etterkvart stygt ut. Det er no sju poeng opp til Bryne på trygg grunn.

Sogndal - Skeid

Tarjei Dale sikrar Sogndal tre viktige poeng mot Skeid.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK