Hopp til innhold

Dag Elias må køyre over ei mil for å ringe

Dag Elias Vinje og dei andre Telenorkundane i Støverstein i Hornindal har snart vore utan mobildekning frå Telenor i ei veke.

Dag Elias Rinje

NEDPRIORITERT: Dag Elias Vinje meiner Telenor ikkje har prioritert bygdene i Hornindal og Stranda, som har vore utan mobildekning i nesten éi veke.

Foto: Privat

– Det er ein forferdeleg vanskeleg situasjon for oss, vi er jo folk som er tilknytt turistnæring. I tilegg er det bussjåførar som er avhengige av telefon for å motta meldingar om både det eine og det andre oppdraget, men no blir det er heilt umogleg for oss.

Til saman er det tre bygder i Hornindal og to i Stranda som er utan mobildekning, som skal skuldast eit straumbrot. Vinje fortel at han no må køyre langt for å få dekning.

– Slik det er no kan eg velje mellom å køyre 16 kilometer til Grodås og 14 kilometer til Hellesylt, seier Vinje.

Han er uroa for tryggleiken også til eldre og sjuke som er avhengige av mobilen for å komme i kontakt med folk.

Har ikkje lenger tillit

Det er fleire i bygdene som har hatt jamnleg kontakt med Telenor om dekninga. Vinje seier svaret dei får er at Telenor jobbar med saka.

– Dei har lova at det skal fiksast fleire gongar. Først vart det sagt at nettet skulle vere tilbake tysdag, og så onsdagkvelden. Hittil har det ikkje skjedd noko, så då får vi sjå kva dei seier i dag.

Telia sitt nett i området har ikkje hatt dei same problema og Vinje synest det er dårleg gjort av dei.

– Eg vurderer å bytte operatør, og det veit eg at andre gjer òg. Tiliten til Telenor er ganske låg. Vi mistenker at Telenor ser på oss som små og uviktige i forhold til andre stader og at det er difor det ikkje skjer noko.

Skal vere ordna i ettermiddag

– Då vi undersøkte feilen nærare, såg vi at feilen var meir kompleks enn først antatt. Vi måtte bestille nye delar og det var det som førte til at det tok lenger tid enn det vi først hadde rekna med, seier Magnus Line i Telenor.

Han seier at han har eit godt håp om at basestasjonen kjem på lufta igjen i løpet av ettermiddagen.

Line går ikkje med på at Telenor nedprioriterer denne basestasjonen fordi det bur lite folk i området.

– Det speler inga rolle om det er ein stad der det er i ein tettstad med mange innbyggjarar eller på mindre stadar. Vi dreg ut og reparerer feil så fort det let seg gjere, og det gjorde vi her òg. Men det viste seg å vere ein større feil enn det vi først trudde, seier Magnus Line i Telenor.