NRK Meny
Normal

Dæhlie spring på Skåla

Bjørn Dæhlie stiller på startstreken i årets utgåve av motbakkeløpet Skåla Opp. Med i feltet er også ei rekkje andre norske idrettskjendisar.

Bjørn Dæhlie
Foto: Arash A. Nejad / Scanpix

Skåla Opp vert arrangert for femte gong i Loen i år. I høve jubileet har arrangøren fått fleire toppidrettsutøvarar og kjendisar til å stille.

Utanom Bjørn Dæhlie stiller Anders Aukland, Odd-Bjørn Hjelmeset, Kristen Skjeldal og Ingrid Kristiansen. Også fjorårets norgesmeistrar i motbakkeløp, Jon Tvedt og Anita Håkenstad Evertsen, stiller.

Nord-Europas tøffaste

Ifølgje arrangøren er Skåla Opp Nord-Europas tøffaste motbakkeløp med start 29 meter over havet og på mål på 1848 meter over havet. Lengda deltakarane må springe er 8,2 kilometer.

I fjor deltok 1020 personar. Rekorden for menn er 1.09.49. I dameklassen er rekorden 1.23.03.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.