NRK Meny

Då arveprinsen lurte journalistane

Juni 2004 går seint i gløymeboka for redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane. Årsaka er Prins William av Wales.

Prins William og Kate Middleton forlovet

JA: Prins William og Kate Middleton gir i dag sitt ja. Kanskje har prinsen også fortalt om då han rundlurte eit kobbel med norske journalistar?

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

Artikkelen er flere år gammel.

Same helga som nær 40 journalistar frå NRK var på firmatur på Jostedalen hotell, var den britiske prinsen på same hotell saman med medstudentar ved St. Andrews University.

Og det utan at ein einaste journalist skjønte det.

- Eg må innrømme at vi hadde det litt morosamt på kjøkkenet då, ler Laila Gjerde, som er sjef ved Jostedalen hotell.

- Lokal ungdom?

Arveprinsen gir i dag sitt ja til sin utvalde, Kate Middleton, under eit storslagent bryllaup i London. Dei to møtte kvarandre på det skotske universitetet. Det er uvisst om også ho var med på turen til Jostedalen i juni for sju år sidan.

Med erfaring frå pågåande britiske journalistar, visste prinsen råd då han høyrde om journalistane som skulle vere på hotellet same helg.

- Han og to livvakter valde å ligge på campingen, men åt alle måltid på hotellet. Med fleece og caps på hovudet, blanda han seg med ungdomane i dalen og snakka med dei. Kanskje de trudde han var ein lokal ungdom, ler Gjerde spørjande.

- Sensasjonelt

- Det er hardt for journalistar å innrømme at ein kan blingse på slikt, ler distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen. Den dag i dag skjønar han ikkje heilt korleis eit kobbel med journalistar ikkje fekk med seg prinsebesøket.

Slik såg oppslaget til Sogn Avis ut etter prinsebesøket i Jostedalen i 2004.

Slik såg oppslaget til Sogn Avis ut etter prinsebesøket i Jostedalen i 2004.

Foto: Faksimile Sogn Avis

Han skildrar det som sensasjonelt at journalistane ikkje oppdaga den britiske prinsen.

- Vi visste det ikkje den helga. Vi reiste heim att søndag kveld, uvitande om at vi hadde vandra saman med den flotte karen, ler Sanne-Gundersen.

Kven distriktsredaktøren legg skulda på høyrer du her:

Takksam prins

Dagen etter helgesamlinga fekk redaksjonen tips om det storfine besøket. Eit TV-team frå NRK Sogn og Fjordane reiste til Jostedalen og laga sak på prinsebesøket. Både VG og Sogn Avis følgde opp. Sistnemnde om prinsen som lurde NRK.

Før avreise takka prins William Gjerde for at han fekk nyte opphaldet utan pågåande journalistar.

- Han takka meg for at vi ikkje hadde sagt noko til journalistane. Berre det å få kjøpe is i isdisken utan journalistar på slep, var noko han aldri hadde fått gjort i England, fortel Gjerde.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar