Hopp til innhold

Cupeventyret over for Kaupanger

Ein historisk NM-finale glapp for J19-laget til Kaupanger etter at dei tapte 1-0 borte mot Stabæk i semifinalen i går. – Vi føler vi fortente meir. Vi burde teke pause med leiing, så fekk Stabæk eit tidleg mål og etter det presser vi på for utlikning. Men Stabæk forsvarer seg godt. Jentene er sjølvsagt skuffa, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.