Hopp til innhold

Dette får kulturen i fylket

Norsk Country Treff er budsjettvinnar på kultursida i Sogn og Fjordane. Regjeringa vil auke løyvinga deira med 700.000 kroner til 1,2 millionar kroner.

Publikum på countryfestivalen på Breim

MEIR MORO: Med totalt 1,2 millionar kroner, har Norsk Country Treff ein god sum i botn med tanke på neste års festival, som får knutepunkstatus.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Klart dette er gledeleg, sjølv om det var venta, seier dagleg leiar Ingemar Sårheim.

Det har tidlegare vore kjent at countryfestivalen på Breim ville få auka løyvingar i samband med at dei tidlegare i år vart tilkjent knutepunktstatus frå 2012.

Med status fører også auka utgifter

– Dette hjelper godt, men det er klart at vi vil få auka utgifter neste år i samband med ny status, seier Sårheim.

Norsk Country Treff har eit totalbudsjett på mellom fem og seks millionar kroner. Førebels har dei ikkje tal på nøyaktig kor mykje større utgiftene vil bli.

– Det kjem an på kva vi legg i dette. Eg vil også tru at det ligg med nokre premissar med denne statusen og løyvingane som følgjer med, seier Sårheim.

Løyvinga på 1,2 millionar kroner er 700.000 kroner meir enn det festivalen fekk i fjorårets statsbudsjett.

700.000 kroner til musea

Musea i Sogn og Fjordane får 718.000 kroner meir i årets statsbudsjett enn i fjor, og får dermed ei totalløyving på nær 23,9 millionar kroner.

Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, er førebels ikkje imponert.

– Viss det berre er desse 700.000 kronene, er det ein liten nedtur, seier Erikstad, som hadde venta spesifikke midlar til Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad.

Statsbudsjettet 2012 kultur Sogn og Fjordane

Tiltak (alle beløp i 1 000 kroner)

Vedtak 2011

Endring

Forslag 2012

Sogn og Fjordane

50 785

2 466

53 251

Den norske bokbyen

333

10

343

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

4 756

147

4 903

Musea i Sogn og Fjordane

23 168

718

23 886

Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen

2 797

87

2 884

Opera Nordfjord

2 981

300

3 281

Norsk Country Treff

500

700

1 200

Sogn og Fjordane Teater

16 250

504

16 754

Ikkje eitt øre til Kvernsteinsparken

– 700.000 kroner hadde vore heilt greitt, hadde det berre vore ein auke som tok inn over seg at Norsk Kvernsteinsenter skulle få ein auke økonomisk, seier Erikstad.

Ho legg ikkje skjul på at ho er skuffa.

– Førdefestivalen, musea og teateret har i realiteten berre fått ei prisjustering. Opera Nordfjord har ein auke på ti prosent. Men som sagt, det er det faktum at Norsk Kvernsteinssenter ikkje er nemnt med eit ord, som er tyngste beskjeden i dag, seier Erikstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norsk Kvernsteinssenter

IKKJE EI KRONE: Dagleg leiar ved Norsk Kvernsteinssenter, Astrid Wåge (t.v.) kan konstatere at kvernsteinssenteret ikkje får ei krone i statsbudsjettet. Til høgre fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Dagleg leiar ved Norsk Kvernsteinssenter, Astrid Wåge, tykkjer det er ein svart dag. No set ho sin lit til at fylkeskommunen vil berge senteret. Neste års budsjett er på 4,5 millionar, der fylkeskommuen har lagt inn 1,5 millionar. Men dette var i forvissing om at staten kom til å løyve pengar, og det har no ikkje skjedd.

– Viss fylkeskommunen ikkje finn pengar, så er det krise, seier Wåge.

Ho hadde sett fram til å kunne tilsetje fleire folk, og ikkje minst fått på plass eit fagmiljø.

– Vi skulle gjerne fått inn nokon med forskningskompetanse. Men det klarar vi ikkje no. Hovudfokus no må vere å klare å oppretthalde dagens drift, seier Wåge.

– Høyrest litt tynt ut

Også direktør ved Sogn og Fjordane fylkesmuseum, Morten Johan Svendsen, er måteleg imponert over statsbudsjettet.

– I utgangspunktet høyrest 700.000 magert ut. For kunstmuseet sin del hadde vi søkt om meir fordi vi skal ta i bruk eit nybygg neste år, seier Svendsen.

Musea i Sogn og Fjordane består av Nordfjord folkemuseum, Kystmuseet, Sunnfjord museum, Sogn folkemuseum, Reiselivsmuseet og Sogn og Fjordane fylkesmuseum.