Riksantikvaren vitja kvernsteinbrot

Riksantikvaren var torsdag i Hyllestad for å sjå på Kvernsteinsparken, som er nominert til UNESCO si verdsarvliste. Han er sjølv veldig imponert.

Riksantikvar Jørn Holme høgg i kvernstein

VIKING: Riksantikvar Jørn Holme fekk prøve seg som viking. Med vikingverkty, og vernebriller, fekk han hogge i ein kvernstein.

Foto: Ingrid Brandal Myklebust / NRK

- Kvernsteinbrotet her er heilt spesielt i verdssamanheng, sa riksantikvar Jørn Holme til NRK då han vart vist rundt i steinbrotet.

Kan bli tredje attraksjon på verdsarvlista

Riksantikvar Jørn Holme på besøk i Kvernsteinparken

KLAR: Riksantikvar Jørn Holme er klar for å hogge i kvernstein.

Foto: Ingrid Brandal Myklebust / NRK

Det historiske kvernsteinbrotet i Hyllestad fortel historia om den eldste kvernsteinindustrien i Norge.

Den kan no bli den tredje attraksjonen frå Sogn og Fjordane på UNESCO si eksklusive verdsarvliste, skriv Bergens Tidende. Frå før står både Urnes stavkyrkje og Nærøyfjorden på lista.

Riksantikvar Jørn Holme var i Hyllestad for å informere lokalsamfunnet om kva ein plass på lista kan bety.

Holme meiner både kommunen og Sogn og Fjordane vil oppleve positive ringverknadar dersom Kvernsteinsparken kjem på lista.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jørn Holme

INTERESSERT: 8.- klassingar utkledde i vikingkostymer viste riksantikvar Jørn Holme rundt i parken.

Foto: Ingrid Brandal Myklebust / NRK

Riksantikvaren prøvde seg som viking

Under besøket torsdag fekk Holme prøve seg på fleire utfordringar på i vikingstil. Utkledd i vikingkostyme viste 8.-klassingar frå Hyllestad skule riksantikvaren rundt i steinbrotet.

Etter å ha prøvd seg på handarbeid etter gammal vikingtradisjon, fekk han også prøve å hogge i ein kvernstein med ekte vikingverkty. Holme var svært imponert etter besøket.

- Kvernsteinssenteret, og ikkje minst det at ungdommane er her som læremeistrar, er eit førebilete på korleis ein kan få fram vikingkulturen på ein enkel måte ved å sjølv vere ein aktør, seier Holme.

Sender søknaden til neste år

Holme deltok også på eit folkemøte i bygda, der han informerte om arbeidet som må gjerast lokalt fram til den offisielle søknaden skal sendast i januar neste år. Først i 2012 skal UNESCO avgjere om Kversteinparken kjem på lista.

PS: Det vert meir om riksantikvaren sitt besøk i Kvernsteinsparken i NRK si morgonsending fredag rundt klokka 06.45.