Hopp til innhold

Fortvila over lite turistar på campingen

Fleire campingplassar i Nordfjord ventar stor nedgang i besøkstala denne sesongen.

Strynsvatn Camping

NEDGANG: Det har vore merkbart færre gjester ved Strynsvatn Camping i juli.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det skriv Fjordingen. Særleg på hytteutleige merkar dei ein nedgang. Eigar og drivar av Strynsvatn camping, John Roger Meland, seier årsaka er dårleg vêr og mangel på utanlandske turistar.

– Tidlegare hadde vi fullt kvar kveld i heile juli. Det er det i alle fall ikkje i år. Trenden i år er at utlendingane som burde vore her i hopetal, uteblir meir og meir. Nordmenn reiser vel frå regnet og reiser sørover, seier han til NRK.no.

Svikt i drop in-besøket

Han trur det er ein kombinasjon av økonomisk krise i Europa og dårleg vêr som er årsaka. Campingplassen er avhengig av førehandsbestillingar, men dei har ikkje vore like mange som før.

– Vi er også avhengige av å fylle opp campingvogn-plassane og hyttene med drop-in og her ser vi også ein stor nedgang.

Juni månad var rimeleg bra med mange norske, svenske og finske turistar som var på korte opplevingsturar.

– Når hovudferien kjem, reiser dei til andre stader. Og når i tillegg dei frå resten av Europa sviktar, får vi ein nedgang.

Også Sande Camping i Lodalen, Viking Camping i Innvik og Olden Camping merkar at det blir færre gjester, særleg gjeld det dei som leiger hytter.

Glede i Lærdal

Samstundes er Lærdal ferie- og fritidspark inne i sin beste sesong nokon, skriv Sogn Avis. Campingplassen ligg an til å bli eit rekord, seier eigaren.

Både på Lunde camping i Aurland og Kjørnes camping i Sogndal melder dei om lag tilsvarande besøkstal som fjoråret.