Hopp til innhold

– Forventar 20 prosent færre turistar i sommar

Den europeiske nedgangstida merkast godt i hotellbransjen i Sogn og Fjordane. Blant anna på Vesterland feriepark på Kaupanger er nedgangen dramatisk.

Arne Glenn Flåten

HAR FÆRRE TILSETTE: Arne Glenn Flåten har færre tilsette i år enn i fjor på Vesterland Feriepark på Kaupanger.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det ser ut til at nedgangen blir på 20 prosent i juli og august i forhold til i fjor, seier Arne Glenn Flåten, dagleg leiar i Vesterland Feriepark på Kaupanger.

Dei tyske, nederlandske og spanske turistane har rett og slett ikkje råd til å reisa på ferie til Norge lenger. Tal frå NHO reiseliv syner at allereie i fjor starta nedgangen i høgsesongen med 2,5 prosent færre utanlandske turistar. Årets sesong ser ut til å bli langt verre. Då slit turistnæringa i fylket.

Må kvitta seg med tilsette

– Vår bedrift har ein veldig stor del utanlandske turistar, slik som eigentleg heile Sogn har. Om lag 85 prosent av våre gjester er utanlandske, hovudsakleg frå Europa, seier Flåten.

For det er dei europeiske turistane som sviktar Norge. Med et kontinent i økonomisk krise vel dei heller å bli heime i staden for å reisa til eit land som er veldig dyrt å feriera i.

Hjå Vesterland feriepark har fleire arbeidsplassar gått tapt.

– Det er no me skal tena pengar, det er no den viktige tida byrjar. Ein nedgang på 20 prosent medfører at me har måtte kutta ned på staben i år. Det er færre som jobbar her no enn i fjor, seier Flåten.

Tyskarane sviktar

Wenche Salthella

ER UROA: Wenche Salthella i NHO Reiseliv.

Foto: NRK

Det er spesielt den tyske marknaden, som tidlegare har vore ein berebjelke i norsk turistnæring, som skrumpar inn. Det bekymrar Wenche Salthella, bransjesjef i NHO Reiseliv.

– Tyskland er det største og viktigaste landet for oss. Det var ein nedgang i fjor, og den nedgangen held fram i år, det er sjølvsagt veldig negativt.

– Me har fått signal frå Møre og Romsdal om at det blir permitteringar i reiselivsnæringa, so det er klart det kan få store konsekvensar.

Kina på veg opp

Men det er ei gruppe utanlandske turistar som no kjem oftare til Sogn og Fjordane.

– Ved å marknadsføra seg mot Asia, og særleg Kina, kan hotellnæringa på nytt fylla ordrebøkene. I Kina er det mase folk som kjem til å reisa meir og meir i framtida, so klarar ein å ta av den marknaden so vil det vera veldig bra for reiselivsnæringa, meiner Salthella.

Skei Hotell

SKEI HOTELL: På Skei Hotell er det fleire turistar enn før frå Asia.

Foto: Arild Nybø / NRK

Dette har hotella i fylket allereie byrja å merke. Skei hotell har hatt ei auke på over fire prosent sidan i fjor ved å ta i mot asiatiske turistar.

– Det er klart at me mistar ein del av dei tyske og spanske turistane, men det er klart at når me får dei asiatiske i staden for, so klarar me oss, seier administrerande direktør ved å hotellet, Terje Kleveland.

Flåten hjå Vesterland Feriepark meiner at bransjen no må byrja å jobba meir saman.

– Me må bli flinkare å samarbeida og tore å seia kva me treng av rammevilkår for å kunne drive fornuftig framover.