NRK Meny
Normal

Campinggjester flykta i full fart

GUDVANGEN (NRK): På Vangen camping pakka fleire av gjestene sakene sine og reiste vekk i hui og hast då det byrja å rase ned store steinar oppe i fjellsida på tysdag.

morogdotter

TRYGGE DER DEI VAR: Siri og Stine Larsen var trygge på Vangen camping, men valde å forlate campinga for å varsle bilistar om raset som hadde gått

Foto: Bård Siem / NRK

– Det var faktisk nokre av gjestene våre som tykte det var artig å sjå på raset, men vi hadde og gjester som braut tvert av og forlét campinga med ein gong ja, fortel Siri Larsen.

Mor og dotter Siri og Stine Larsen var nokon av dei første som såg raset i Gudvangen på tysdag. Med eigne auge såg dei store steinar kome ned fjellsida ifrå Vang camping som dei driv.

Rundt klokka fem tysdag byrja det å rase ned steinar så store som minibussar ifrå fjellsida om lag ein kilometer vest for Gudvangen. Dette er stamvegen over til Austlandet frå vest, og vegen har stor trafikk.

Ras i Gudvangen sett fra helikoter

STORT RAS: det gjekk til saman fire ras tysdag, dette er eit av dei største

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Så losna det plutseleg mykje, mykje meir

Heldigvis vart likevel ingen skada, men fleire fekk seg ein skikkeleg støkk.

Fleire gjester på campinga til Siri og Stine vart altså så skremde at dei reiste derifrå i full fart. Samstundes tok mor og dotter Larsen affære og byrja å stogge trafikken og varsle bilkøyrarar om raset.

Les også: Fleire tusen kubikkmeter kom ned, mykje ligg att

– Vi såg at det losna ein stein ifrå fjellsida på ryggen over campinga. Og så losna det plutseleg mykje, mykje meir, seier Siri Larsen.

– Kva tenkte du då?

– Då tenkte eg at dette går ikkje bra. Vi måtte berre stogge trafikken og få folk vekk derifrå, seier Siri.

Var det vanskeleg å stogge bilane?

– Det gjekk ganske greitt, det er jo nokon som absolutt skal ta bilete, men stort sett gjekk det greitt.

morogdotter2

HELTAR: mor og dotter Larsen klarte å stogge fleire bilar då det raste på tysdag

Foto: Bård Siem / NRK

Ho fortel at raset laga eit leven som høyrdest ut som eit helikopter som flaug veldig nære dei, sjølv om dei hadde litt avstand opp til sjølve raset ifrå campinga sin. Til saman gjekk det fire ras, og allereie før det andre raset hadde sett i gong hadde dei to fått stogga trafikken.

– Kan ikkje bli handlingslamma berre fordi ein er redd

– Folk hadde jo køyrt rett i steinane om vi ikkje hadde fått stogga trafikken, føyer dottera Stine til.

– Var du redd?

– Ein blir jo litt skjelven, men ein må berre handle på impuls. ein kan ikkje bli heilt handlingslamma berre fordi ein blir litt redd, seier Stine.

Campingplassen deira var aldri i fare for å bli teken av raset, men det var det altså ikkje alle turistane som stolte på.

– Vi sa til dei som reiste at dei var trygge her på campinga, men det brydde dei seg ikkje om. Dei var vettskremde, så det var full gass vekk derifrå, seier Stine.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.