Dybwad jobbar i miljøvernavdelinga, som har behandla mange av sakene om helikopterlandingsplassen på Veitastrond.
– Uakseptabelt
Oddvar Flæte. NRK-foto.
Fylkesmann Oddvar Flæte finn det heilt uakseptabelt at Dybwad engasjerer seg på denne måten.
– Det er ønskjeleg at medarbeidarar deltek i den offentlege debatten, men det er ikkje akseptabelt å skrive lesarbrev om emne innanfor eige fagfelt, og det er endå mindre akseptabelt når det skjer anonymt, seier Flæte.
Sjå òg " – Fylkesmannen er ikkje ugild ."
Kampen om Kaldakari har vart i snart ni år. Få reiselivsprosjekt har skapt eit liknande engasjement i indre Sogn.
Sjokkert og skuffa
No viser det seg altså at også folk frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling - ei avdeling som behandlar sakene om helikopterlandingsplass på Kaldakari - har engasjert seg litt for mykje.
Det fell Asbjørn Nes i Veitastrond Bygdelag svært tungt for brystet.
– Det er sjølvsagt heilt uakseptabelt, og vi vart både sjokkert og skuffa då vi oppdaga det, seier Nes.
– Ei skam
Lesarbrevet, som Tom Dybwad skreiv om Kaldakari for over eitt år sidan, er ikkje spesielt kontroversielt i seg sjølv, men saksbehandlaren valde likevel signaturen "ikkje strending". (Sjå: "Det omstridde innlegget.")
Asbjørn Nes seier han har hatt mistanke om at folk frå Fylkemannen har skrive anonyme lesarbrev.
– Det er vel kjent at mange som jobbar hjå Fylkesmannen er det eg definerer som naturvernekstremistar, seier Nes. Han synest denne saka er ei stor skam for Fylkesmannen, og slår fast at fylkesmannsembetet er totalt utan tillit og integritet i saka om Kaldakari.
Oppstrammar
Fylkesmann Oddvar Flæte legg seg flat for kritikken og seier at han alt har stramma opp Tom Dybwad.
– Han er no innforstått men at noko tilsvarande ikkje blir akseptert i ettertida, seier Flæte.