No søker han kommunen om å få etablert ein helikopterbase for sightseeing på eigedomen sin. Men naturvernarane er ikkje like nøgd med dei nye planane.
Tidlegare leiar i Naturvernforbundet Erik Solheim, var i si tid av ein av dei ivrigaste motstandarane av å fly turistar med helikopter til fjelltoppen Kaldakari.
Erik Solheim
- Mykje støy
Og Solheim er og svært skeptisk til dei nye planane. - Sjølv om dei ikkje landar i nasjonalparken lagar helikoptera mykje støy, seier Solheim. - Og det er det mange som reagerer på. Mellom anna friluftsfolk og dyrelivet. Han meiner dette kjem i konflikt med det reiselivet i Norge prøver på. Nemleg å selje urørt natur.