Hopp til innhold

Bur seg på ekstremveret - håpar på lite vind

Ekstremveret Vidar kan setje parkeringplassar, vegar og bygningar under vatn. Brannsjefar er glade for at det kjem lite vind.

Springflo i Deknepollen i Vågsøy.

STORMFLOD: Dette biletet vart teke under ei stormflod i Vågsøy i 2006. Ekstremvarselet går på endå høgare vasstand.

Foto: Bjarne Eldevik

Meteorologane har oppgradert varselet om stormflo langs kysten. Vasstanden er venta å kome på eit nivå ein vanlegvis møter berre kvart tjuande år.

Når meteorologane sender ut ekstremvarsel skal liv og verdiar vere truga.

– Det er nok fyrst og fremst dei materielle skadane vi fryktar denne gangen, seier statsmeteorolog Anne-Mette Olsen til NRK, som likevel rår folk til å vere forsiktige nær sjøen.

I Florø trur varabrannsjef Eivind Ask at lite vind kan dempe følgjene av stormfloda:

Eivind Ask

GUNSTIG VIND: Varabrannsjef i Flora Eivind Ask trur lite vind gjer at stormfloda blir lite dramatisk.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Sjølve floda skal ikkje gjere mykje skade, det er kombinasjonen av pålandsvind og stormflod som kan vere farleg for oss, men om det ikkje kjem vind går det nok bra.

Det er meldt vestleg styrke 10 m/s i morgon, noko ein vanlegvis lever godt med, men Ask seier dei vil følgje med i morgon:

– Når vassnivået er høgt må ein ikkje ha lause og flytbare ting som ligg på kaiene og nær sjøen. Nokre få plassar kan vatn kome inn på golvet, eg reknar med at folk som eig slike bygg tek naudsynte førehandsreglar, seier Ask.

Verst om føremiddagen

Brannsjef Kim Hjelle

GODT BUDDE: Brannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Vasstanden vil vere på sitt høgaste mellom 09 og 1130 torsdag føremiddag. I Måløy kan Vidar gi ei vasstand på 270 centimeter over sjøkartnull. Rekorden i Måløy er 282 centimeter frå 1993. Brannsjef i Vågsøy Kim Hjelle seier det er nokre områder og bygg dei følgjer ekstra med på:

– Vi er vande med dårleg ver og vi har hatt høg flo før så nokon akutte situasjonar trur eg vi ikkje kjem til å oppleve. Sjølvsagt må folk vere obs, sikre båtar og lause gjenstandar og følgje med i morgon føremiddag, seier Hjelle.

Springflo i Måløy 13. november 2015

STORMFLOD: Måløy 13. november 2015

Foto: NRK-tipsar

Også i Vågsøy er det utsiktene til roleg vind som gjer at ein ikkje fryktar ekstremvarselet. Men brannvesenet vil følgje ekstra godt med i morgon, og ber folk gi beskjed om dei treng hjelp.

Utsett i Lærdal

Flate Lærdal sentrum ligg svært lågt. Tidlegare har ein opplevd at stormfloda når nesten heilt til rådhuset. Oppsynsmann i Lærdal kommune, Søren Ørbech Mo følgjer spent med på situasjonen:

– Erfaringane er at det går stort sett bra, men vi kan få utfordringar med at Lærdal sentrum ligg voldsomt lågt, det kan skape trøbbel for kjellarar inn mot Lærdalsøyri.

Kommunen vil informere folk om at dei bør passe på kjellarane sine. Problemet er om grunnvatnet møter vatnet frå sjøen.

Uansett er det lite nokon kan gjere anna enn å bu seg det ein kan:

– Vi får ta det som det kjem, og ta dei forholdsreglane vi kan.

Springflo i Måløy.

HØGT: Vatnet kan kome høgt enkelte stadar i morgon, slik dette arkivbiletet viser.

Foto: Bjarne Eldevik.