Det store underskotet gjer at det kan bli vanskeleg å kome i balanse innan 2005, slik kravet er. Det seier konstituert administrerande direktør i Helse Førde, Ingar Valvik.
Høge lønskostnader
Valvik seier hovudårsaka til det venta budsjettavviket ligg i høge lønskostnader. Difor er stillingskutt det mest nærliggjande botemiddelet.
I fjor hadde Helse Førde eit underskot på 82 millionar kroner, og prognosane for 2004 tyder på eit like stort, om ikkje større, minustal.