Bubil og lastebil krasja på fv 60

Ingen blei skadde då ein lastebil og ein bubil krasja på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Stryn.

Trafikkuhell på fylkesveg 60 Olden - Innvik

INGEN SKADDE: Bubilen fekk store skader i samanstøyten med postbilen.

Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Politiet fekk melding om uhellet like før klokka 10 onsdag føremiddag. Saman med bergingsbil rykka dei ut til Svartehola.

Ingen personar i den utanlandske bubilen eller lastebilen blei skadde. Det oppstod lange køar av store bilar på begge sider etter ulukka. Vegen var stengd medan oppryddingsarbeidet pågjekk.

I helga skjedde det også ei møteulukke på same vegstrekninga då ein personbil og ein bubil krasja. Vegen har vore stengd dei siste dagane etter etter at store steinblokker rasa ned i vegen. Natt til onsdag blei vegen opna att.

Trafikkuhell på fylkesveg 60 Olden - Innvik

IKKJE KØYRBAR: Slik ser den utanlandske bubilen ut etter trafikkuhellet.

Foto: Bengt Flaten, Fjordingen