Hopp til innhold

Uvisst når rasstrekning blir sikra

Kor tid vegstrekninga mellom Ugla og Skarstein på fylkesveg 60 blir rassikra, er usikkert. Måndag ramla store steinblokker ned i vegbana, og vegen opna ikkje før natt til onsdag.

Steinblokker sperrar Olden - Innvik

STENGD: Store steinblokker sperra fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. No blir det kravd rassikring i området.

Foto: Nrk.no-tipsar

Per Kjøllesdal, fungerande varaordførar i Stryn kommune, likar slett ikkje situasjonen.

– Dette er rimeleg fortvilande, seier han.

Og om nokre månader opnar Kvivsvegen, noko som vil bety endå meir trafikk på fylkesveg 60, som vart kåra til norges verste veg av TV-programmet Norsk attraksjon.

– Det blir berre tydelegare og tydelegare at denne vegen er altfor dårleg. Når Kviven opnar om eit par månader, blir både trafikken og vanskane endå større, seier Kjøllesdal.

Umogleg å seie

Etter sommarferien startar arbeidet med Agjeldstunnelen. Men kor tid arbeidet startar på strekninga mellom Ugla og Skarstein, der raset gjekk måndag, er usikkert.

– Det er heilt umogleg å seie, det må du nesten spørje fylkespolitikarane om. Det er det som løyver pengane, fungerande seksjonsleiar i Statens vegvesen, Sveinung Hovland.

Tidlegast desember 2013

Ole Ingar Hæreid, nestleiar for samferdsle i fylkeskommunen, seier det går mist eit og eit halv år før dei bestemmer seg.

– Det må vurderast gjennom arbeidet med regional transportplan. Den planen skal fylkestinget ha til handsaming i desember 2013.

Varaordførar Per Kjøllesdal seier dette er altfor seint.

– Pengane må komme, vi har ikkje tid til å vente noko meir. Det må byggjast som snart det er praktisk mogleg, seier han.

NHO krev fortgang

Jan Atle Stang.

KREV FORTGANG: Direktør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, krev at politikarane tør å prioritere.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Direktør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, forventar at politikarane tek gjer klare prioriteringar på vegane i fylket. Han meiner at fylkesveg 60 Olden - Innvik må sikrast-

– Rassikringsplanane til Statens Vegveesen gir eit objektivt bilete av situasjonen og er rådgjevande for politikarane. No må dei tørre å gjere ei prioritering på kva som er viktig å få gjort noko med raskt. Vi ventar fylkespolitikarane får opp tempoet, seier han.

Raset som stengde vegen mellom Olden og Innvik i går skaper frykt for nye ras blant dei som bur i området. Ekspertar seier vestlendingar må bu seg på fleire ras sommarstid, dersom det ikkje blir mindre nedbør.

SJÅ TV-SAKA: Har brukt 33.000 liter til å spyle ned digre fjellblokker.