Hopp til innhold

To moderat skadde etter at personbil og bubil krasja

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein 22 år gammal mann og ei 17 år gammal jente er moderat skadde etter ei møteulykke på riksveg 60 mellom Olden og Innvik.

Politiet fekk melding om ulykka om lag klokka 9 laurdag morgon.

Bubil mot personbil

– Det er to ungdomar som er skadde i krasjen. Ei jente og ein gut i 20-åra, opplyser Hans Petter Harlem, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var ei møteulykke som førte til at personbilen i grøfta og trefte ein stein. Dei to ungdomane som vart skadde sat i personbilen.

(Artikkelen held fram under bildet)

Trafikkulykke Olden Innvik

TRAFF STEIN: To personar vart sende til Førde sentralsjukehus etter ulykka.

Foto: Ove Sveen / Fjordingen

Dei to i personbilen vart sende til Førde sentralsjukehus, ein av dei med luftambulanse, den andre med ambulanse.

Dei to personane i bubilen kom frå ulykka utan fysiske skadar.

Full utrykning

Både ambulanse, redningshelikopter, lege og politi reiste ut etter melding om ulykka.

Tilsaman var det fire personar i dei to bilane. Sjåføren og passasjeren av bubilen kom frå ulykka utan skader.

Vegen var stengt i omlag ein time etter ulykka. Klokka 10 får NRK opplyst at det er manuell dirigering på staden.

Ulykka skjedde ved Ugla. Dette er strekninga der det er planlag ny tunnel i løpet av neste år.

Ulykka vert etterforska av politiet.