NRK Meny
Normal

Brukte tennvæske då kyrkje vart påtend

Den som tende på Sør-Vågsøy kirke brukte tennvæske. Dette viser undersøkingar politiet har gjennomført.

Døra på kyrkja har fått skader av brannen

Tennvæske vart brukt av den som tende på Sør-Vågsøy kyrkje. Til alt hell var brannvesenet rakst på plass og fekk sløkt brannen.

Foto: Bjarne Eldevik

Brannen starta i hovuddøra på Sør-Vågsøy kirke natt til 4. juli. No viser det seg at tennvæske har vore brukt for å få fyr på den 108 gamle trekyrkja.

– På åstaden vart det funne ei Blåtind blank tennvæskeflaske. I dag er desse flaskene brune, noko som betyr at flaska som vart brukt i samband med brannen er nokre år gammal. Vi er veldig interesserte i at folk som bur i området sjekkar ut om dei kan mangle ei slik flaske, seier Tor Sæter, konstituert lensmann i Vågsøy.

Person melde seg til politiet

Sæter fortel at ein personen med fargerike klede som politiet tidlegare har etterlyst, melde seg sjølv for politiet måndag.

– Vedkomande har status som vitne i saka, seier Sæter.

– Kva har vedkomande fortalt?

– Vedkomande har fortalt om observasjonane sine på det aktuelle tidspunktet.

– Har politiet kome nærare ein gjerningsperson?

– Vi har per i dag ingen mistenkte personar. Saka har høg prioritet og vi ønskjer å finne ut kven som står bak brannstiftinga, seier Sæter.

Flammar frå kyrkjedøra

Det var til Alarmsentralen den automatiske brannalarmen slo ut først. Men den første telefonen til 110 kom berre få minutt etter frå ein nabo som såg opne flammar frå kyrkjedøra. Brannen hadde godt grep om døra. I tillegg var det mykje røyk inne i kyrkja, så dei måtte bruke vifter for å få ut røyken. Kyrkja har store røykskadar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå