Hopp til innhold

Ingen spor etter kven som står bak kyrkjebrann

Politiet har så langt ingen mistenkte etter kyrkjebrannen i Vågsøy. Natt til laurdag vart døra på Sør-Vågsøy kyrkje påtend.

Kyrkebrann i Vågsøy

Politiet har ingen konkrete spor å gå etter i samband med kyrkjebrannen i Vågsøy.

Foto: Michael Heltne

Etterforskinga har så langt vist at det har vore brukt brennbar væske i forsøket på å tenne på kyrkja.

– Dette er ei veldig alvorleg sak som vi prioriterer høgt, seier Tor Sæter, konstituert lensmann i Vågsøy.

– De har bede om tips i saka. Kor mange tips har de fått inn?

– Vi har fått inn ein del tips, men vi er veldig interesserte i fleire. Spesielt dersom nokon har observert personar, køyretøy eller noko anna vil vi vite det. Sjølv om folk trur informasjonen dei sit på er uinteressant, kan det vere av interesse for politiet, seier han.

Person med fargerike klede

– Det er observert ein person med fargerike klede i området. Kvifor ønskjer de å vite meir om vedkomande?

– Vi ønskjer å finne ut kven denne personen er, anten ved at vedkomande melder seg sjølv, eller ved at andre melder inn kven det er.

– Kva gjer politiet vidare i denne saka?

– Vi held alle teoriar opne og etterforskar saka for å finne ut kven som står bak dette, seier Sæter.

Brann ved Sør-Vågsøy kyrkje

Etterforskinga har så langt vist at det har vore brukt brennbar væske i forsøket på å tenne på kyrkja

Foto: Michael Heltne

Opne flammar

Brannen vart meldt kring midnatt natt til 4. juli. Rask varsling og nærleik til brannstasjonen hindra brannen i å bli meir omfattande.

Det var til Alarmsentralen den automatiske brannalarmen slo ut først. Men den første telefonen til 110 kom berre få minutt etter frå ein nabo som såg opne flammar frå kyrkjedøra. Brannen hadde godt grep om døra.

I tillegg var det mykje røyk inne i kyrkja, så dei måtte bruke vifter for å få ut røyken. Sør-Vågsøy kyrkje er 108 år gammal.

Fortvilt kyrkjeverje

Kyrkjeverje Anne Gry Fløien er fortvilt over det som har skjedd.

– Det er veldig trist at nokon har prøvd å setje fyr på kyrkja, seier ho.

– Korleis har reaksjonane vore i bygda?

– Folk er ikkje redde, men mange har gjeve uttrykk for at dei synest det er trist. Enkelte er sinte, men det er viktig at dette ikkje tek overhand.

– Er kyrkja mykje skadd?

– Det er store røykskadar inne i kyrkja, men heldigvis er det berre kyrkjedøra som er brent. Alle planlagde aktivitetar i kyrkja tida som kjem er avlyst, seier Fløien.