I går kritiserte Ap-ordførar Mowatt regjeringspartia sine lokale representantar for å ikkje gjere noko med det Mowatt kallar forskjellsbehandling frå næringsministeren si side.
Brosvik seier KrF har prøvd så godt dei kan å hindre tap av arbeidsplassar i fylket, men ho deler Mowatt sin frustrasjon.
- Eg har veldig stor forståing for frustrasjonen. Det var min første reaksjon også, at no reagerer dei, kvifor ikkje før hos oss, seier Brosvik.
- Du meiner at KrF har gjort det kunne?
- Vi har prøvd, men vi har ikkje nådd fram anna enn ved at regjeringa har villige til å finne desse millionane for at Årdal og Høyanger skal kunne få andre arbeidsplassar, seier Brosvik.