Brødrene kunne juble for gull saman med Ole Martin Erdal og Håvard Gutubø Bogetveit. Sigersmarinen lydde på 16,5 sekund ned til Oppland med Harald Øygård, Emil Nyeng, Vebjørn Sørum og Sivert Guttorm Bakken.
Oslo og Akershus' 2.-lag hadde ei luke på 13,4 sekund ned til Sogn og Fjordane ved andre veksling, men austlendingane klarte ikkje å behalde leiinga då Tarjei Bø sette fart i sporet.
Eldstebror Bø tok inn forspranget og sende veslebror Johannes ut på ankeretappen med ei leiing på 22,3 sekund.
Thingnes Bø har hatt ein praktsesong og vunne heile 16 av 25 verdscuprenn i vinter, samt tatt fire VM-gull og eitt -sølv. Sjølv om Oppland sette på turboen på siste etappe, hadde stryningen kontroll og gjekk komfortabelt inn til NM-gull for Sogn og Fjordane.
Oslo og Akershus' 2.-lag måtte ta til takke med bronse. Laget beståande av Sturla Holm Lægreid, Jørgen Brendengen Krogsæter, Truls Fjellheim Jorde og Endre Strømsheim bomma éin gang på siste skyting og kom i mål tre minutt og åtte sekund bak vinnarkvartetten.