I følgje Bergens Tidende utgjer det eit kvart årsbudsjett i kommunen. Fordelt på dei 3900 innbyggjarane utgjer betalinga Terra har fått i underkant av 9400 kroner.
Bremanger har dermed betalt mest provisjon av dei åtte Terra-råka kommunane. og har betalt tre gongar meir enn Rana kommune, som ligg på andreplass. Vik har betalt 7 millionar kroner i provisjon.
Kan vere mange forklaringar
BT har snakka med fleire i finansmiljøet, og dei meiner at forklaringane på at Bremanger har betalt så mykje meir kan vere mange.
Kommunen var tungt inne i Terra, det var stor aktivitet rundt investeringane og i tillegg blir det stilt spørsmål om dei kommunane som har stilt færrast spørsmål også har blitt mjølka hardast.
Mykje kjøp og sal
Sidan 2001 har Bremanger selt og kjøpt aksjar for 1,8 milliardar i Terresystemet.
- Det har vore veldig mykje kjøp og sal med dei verdipapira Bremanger har investert i. Om aktiviteten for vår del har vore større enn for andre kommunar, veit eg ikkje, seier ordførar Kåre Olav Svarstad til avisa.
Til saman betalte dei åtte kommunane kring 117 millionar kroner i honorar frå 2004 til konkursen i fjor rett før jul.