No har inspektør i Arbeidstilsynet, Oddvar Mikalsen, fått nok av brotne lovnader. Han trugar med å melde Bremanger Quarry til politiet og stengje heile anlegget.
Ikkje første gong
Det har berre gått nokre månader sidan fylkesmiljøvernsjefen truga med å stengje steinbrotet på Dyrstad vest for Svelgen av miljøomsyn, før Arbeidstilsynet set fram det same trugsmålet. I snart eitt år har inspektør Oddvar Mikalsen peika på alvorlege brot på arbeidsmiljølova ved Bremanger Quarry.
Lova utbetring
Leiinga ved Bremanger Quarry har heile tida lova at dei skal utbetre manglane, men ingen ting har skjedd. Seinast for to veker sidan kunne regionalt verneombod Nils Graskopf konstatere at arbeidsmiljøet var like dårleg.
- Alt i orden
På telefon frå Nederland lovar dagleg leiar, Ole Meyer, at alt no skal vere i orden.
Framleis uroa
Men Oddvar Mikalsen kjenner seg på ingen måte overtydd om at situasjonen er så gullande god som Ole Meyer vil ha det til. Han er uroa over situasjonen ved Bremanger Quarry.