Sjølve brannårsaka kan ein enno ikkje slå fast, skriv politistasjonssjef Nils Erik Eggen i ei pressemelding.
Døydde av kolosforgifting
Den førebelse obduksjonsrapporten viser ikkje teikn til ytre skader på dei omkomne, 37 år gamle Irene Johansen og sonen hennar, ni år gamle Markus. Dødsårsaka er truleg kolosforgifting, skriv politiet.
Foto: Heidi Lise Bakke, NRK
Styrkjer ikkje siktinga
Til NRK Sogn og Fjordane seier politistasjonssjef Nils Erik Eggen at det dei har funne ikkje styrkjer siktinga mot den 41 år gamle eksmannen til Irene Johansen, snarare tvert imot.
Framleis vitneavhøyr
Politiet er no i ferd med å avslutte rundspørjinga. Det pågår framleis vitneavhøyr, både med utgangspunkt i rundspørjinga og andre deler av etterforskingsmaterialet.
Enno ikkje gått gjennom foto
Foto og videoprosjektet har gitt politiet ein del materiale frå ulike overvakingsanlegg, men det meste av dette er førebels ikkje gjennomgått. Data om mobiltelefonbruk er innhenta i ein viss grad.