Hopp til innhold

Brannen framleis eit mysterium

Det kan bli svært vanskeleg å fastslå årsaka til brannen som gjorde Breheimsenteret i Jostedal om til ein oskeruin.

Brann på Breheimsenteret

RASKT OVERTENT: Brannmannskapa kunne ikkje gjere anna enn å la Breheimsenteret brenne kontrollert ned.

Foto: Frank Optun Smedegård

– Branntomta er veldig utbrent, så det er begrensa kva vi kan få ut av den, seier lensmann i Luster, Asle Karoliussen.

Har kontakta Kripos

Politiet går måndag i gang med undersøkingar på branntomta etter brannen seint fredag kveld. Breheimsenteret ved foten av Nigardsbreen i Jostedal var base for det meste av turistaktiviteten i dalen.

– Eg har også vore i kontakt med Kripos i dag for å få litt bistand og hjelp, seier Karoliussen.

Kripos sitt laboratorium vil analysere prøvar frå brannstaden.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Branntomta på Breheimsenteret

LITE ATT: Berre betongen er att på branntomta.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Kan ha vore lynnedslag

Kan det vere at de ikkje finn brannårsaka?

– Vi får sjå. Vi skal ta prøvar og ta med oss det som kan sikrast av apparat og jordkablar for å sjå om vi kan finne svar. Men branntomta er totalt ubrent, så mange av leidningane og slikt som normalt er der, er borte.

Då brannen braut ut litt etter klokka 22 sist fredag, var det tôrevêr i området. Politiet utelukkar ikkje at lynnedslag kan ha starta brannen.

– Erfaringar har tidlegare vist at slike ting kan gi brann. Det er klart at lynnedslag i seg sjølv kan gi brann. Vi har mange gode bilete frå ein tidleg fase av brannen. Ut frå bileta verkar det som om brannen starta inne, og at første gjennomslaget var gjennom taket, seier Karoliussen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Breheimsenteret i Jostedalen

LANDEMERKE: Med Sogndal-arkitekten Rolf Sande sitt unike design har Breheimsenteret som opna i 1993 vore ein attraksjon i seg sjølv. 30.000 turistar har årleg vore innom senteret som har form som ei kløft i breen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Bygdefolk og næringslivet i Jostedalen har etter brannen gått saman på dugnad for å få etablert ein ny base for turistverksemda i bygda. Breturar og andre tilbod går takka vere dette som normalt.