Hopp til innhold

Sjekka senteret like før brannen

Berre ein time før Breheimsenteret stod i full fyr, var dagleg leiar Peder Kjærvik på staden for å sjekke at alt var i orden.

Video Breheimsenteret brann ned til grunnen

Breheimsenteret brann natt til fredag ned til grunnen.

– Eg gjekk gjennom huset for å sjekke at alt var i orden etter at straumen hadde komme tilbake, då den hadde vore borte i torevêret, seier Kjærvik til NRK Sogn og Fjordane.

Breheimsenteret i Jostedalen i Luster brann i går kveld ved halv elleve-tida ned til grunnen. Det skal ikkje ha vore folk i bygget då det tok til å brenne.

LES OGSÅ: Breheimsenteret totalskadd i brann

Lyn og torevêr tok straumen

Politiet fekk melding om brannen kloka 22.19. Då brannvesenet kom på staden, vart det raskt klart at dei berre måtte konsentrere seg om å hindre spreiing.

Det er uvisst kvifor det byrja å brenne, men det var torsdag kveld lyn og torevêr i Jostedalen.

– Eg var innom og sjekka at alt var i orden ein time til halvannan før brannen vart oppdaga. Då alt var i orden, køyrde eg heim att. Ei stund seinare vart eg klar over at noko brann, seier Kjærvik.

MEIR OM BREHEIMSENTERET I FYLKESLEKSIKONET

– Eit fint bygg og fin arbeidsplass

Tilbake på Breheimsenteret fekk den daglege leiaren sjå arbeidsplassen sin brenne ned til grunnen.

Fredag morgon rapporterer NRK sin reporter på staden at staden ser ut som eit oskehav.

– Det er slik at dette berre er materielle ting, og det får vi ta med oss, seier Kjærvik.

– Men det er klart at dette er trist. Det var eit fint bygg og ein fin arbeidsplass for fleire. Så det er ikkje noko særleg.