Hopp til innhold

54 evakuerte etter brann i Fjord1-ferje på Lysefjorden

54 passasjerar blei evakuerte etter at det tok til å brenne i Fjord1-ferja Eid, som går i turisttrafikk for selskapet The Fjords på Lysefjorden.

Brann i tursitferje

FJORD1-FERJE I BRANN: Det kom melding om brannen i Fjord1-ferja i åttetida fredag kveld.

Foto: Rebekka Andreassen

I kveld tok det til å brenne i ei Fjord1-ferje som er leigd ut til turisttrafikk på Lysefjorden. Hovudredningssentralen Sør-Noreg melde rundt klokka 22.30 at brannen har avtatt, og at det er mindre røyk. 54 personar blei evakuerte etter at brannen starta.

– Passasjerar blir tilbodne transport og hotell av Fjord 1, opplyser Hovudredningssentralen.

Ein person i mannskapet har hatt behov for legetilsyn etter å ha inhalert røyk, melder politiet.

– Mogleg maskinproblem

Fjord1 leiger ut ferja Eid til selskapet The Fjords, som driv turisttrafikk på Lysefjorden, Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Mannskapet er bemanna via Fjord1. Dei har ikkje hatt direkte kommunikasjon med dei fem i mannskapet om bord, opplyser regionleiar Tor Kristoffersen. Fredag kveld veit dei ikkje sikkert kva som er årsaka til at brannen oppstod.

– Så vidt vi kjenner til har det vore eit maskinproblem som har utvikla seg. Men vi kjenner lite til det, så det blir berre spekulasjonar. Men vi ser at det ryk frå skorsteinen om bord, så då kjem det mest sannsynleg frå maskinrommet, fortel Kristoffersen.

Han seier dei har fokus på passasjer, mannskap og fartøy,

Tor Kristoffersen.

REGIONLEIAR: – Det viktige for oss no er å evakuere passasjerane, så dei er i tryggleik og blir godt varetekne. Så er det viktig å få kontroll på situasjonen om bord, seier regionleiar Tor Kristoffersen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dette er ein operasjon Hovudredningssentralen og politiet leier, så er vi ei støtte for dei.

Blir slept i land

– Alle personar er no tatt i land og får hjelp av politiet og team ifrå kommunen, seier Johan Mannsåker ved Hovedredningssentralen for Sør-Noreg.

– Det er ingen personar om bord i båten no, og den blir slept vekk til ein plass vi kan starte med sløkking, seier han.

Hovudredningssentralen melde rundt klokka 22.30 at bilferja blir slept til Forsand for vidare branninnsats til kai. M/F Eid har gått på Lysefjorden om sommaren dei seinare åra, og ligg elles i året som reserveferje for Fjord1. Ferja blei bygd for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1978.