Og trioen har meir til felles. Dei er tre av dei mest markerte og rappkjefta politikarane i Arbeidarpartiet her i fylket.
Positivt overraska
Sjølv er dei overraska, men heilt tilfeldig kan det ikkje vere. Harry Mowatt, fjerdekandidat til fylket, og mangeårig Ap-mann har i Hyllestad auka oppslutnadane til Arbeidarpartiet med nesten 10 prosent på heimebane. I Høyanger har Kjartan Longva, som lokalt har markert seg som ein redningsmann for arbeidsplassane i heimkommunen, gjort reint bord og sikra Arbeidarpartiet fleirtal i kommunestyret. I Lærdal har den tidlegare fylkesordføraren Knut O. Aarethun gjort comeback i kommunepolitikken med eit brak og truleg sikra seg ordførarstolen. Sjølv er dei beskjedne når vi spør om det er ein Aarethun, Mowatt og Longva-effekt?
-Nei, det får andre vurdere, seier Kjartan Longva. I Arbeidarpartiet er vi eit team og eg er ikkje åleine om å arbeide med dette. Eg har rett nok vore frontfigur i media, men det er jo ein del av det å vere ordførar. Då får ein det negative når det kjem, men også rosen når den kjem, seier han.
Og nesten like beskjeden som Longva, er Aarethun.
-Ja, eg vil vere forsiktig å seie noko om nokon effekt. Vi har fokusert på at eg har ein god del erfaring og eit godt nettverk som kan kome kommunen til nytte på best mogeleg vis, seier Aarethun.
Audmjuk, men beskjeden er også Mowatt.
Det at eg har fått høve til å profilere meg har nok gjort til at det har gått så bra for vår del, meiner han.