Både førar og firma har gjort opp for lovbrota

Vogntoget som før helga fekk gigantgebyr i Hyllestad, er frigitt. – Både gebyret og bota er innfridd, seier distriktsleiar Tormod Gausdal ved Statens vegvesen.

Tsjekkisk vogntog i Rysjedalsvika

BLIR STÅANDE: Det tsjekkiske vogntoget som før helga fekk køyreforbod i Rysjedalsvika er frigjeve, men står framleis på ferjekaien.

Foto: NRK-tipsar
Oddleif Løseth
Journalist

Måndag trappa Statens vegvesen og politiet opp ved ferjekaien i Rysjedalsvika for å låse opp hjullåsen.

Då var rekordgebyret på 158.000 kroner til selskapet , samt bota på 15.000 kroner til føraren, betalt. Føraren har no fått att dokumenta.

– Det har vore ingen vonde ord, og vi har hatt ein god dialog gjennom helga. Så snart det var mogleg å gjennomføre betaling, så var det gjort på måndag, seier distriktsleiar Tormod Gausdal.

Fekk avslag

Tormod Gausdal

DISTRIKTSLEIAR: Tormod Gausdal seier både førar og firma har gjort opp for seg.

Foto: Anna Gyrti/NRK

Det var fredag at det 24 meter lange vogntoget på 90 tonn trilla i land på ferjekaien i Rysjedalsvika.

Vogntoget var for langt, og 40 tonn for tungt, for å trille rundt på fylkesveg 57 – og for så vidt andre vegar i Norge.

– Dei hadde søkt om dispensasjon, men den vart avslegen på grunn av den kombinasjonen det var søkt om, sa Gausdal til NRK.no fredag ettermiddag.

Fortvila over situasjonen

I tillegg til det rekordstore gebyret til selskapet, fekk føraren 15.000 kroner i bot. Denne vart vedteken på staden.

Vogntoget var på veg til Lavikdalen med ein turbin til eit kraftanlegg då det vart stogga. Gausdal seier både førar og selskap var fortvila over situasjonen.

– Føraren beklaga veldig fredag kveld og eigaren av firmaet sukka tungt då han høyrde storleiken på gebyret, seier Gausdal.

Ventar på dispensasjon

Det tsjekkiske vogntoget ventar no på dispensasjon for å kunne returnere tom til Bergen og ut av landet.

Samstundes ventar ein på dispensasjon til dei nye køyretøya som tek over utstyret som skal til Lavikdalen.

– Det er ein del bruer på strekkja til Lavikdalen som må gjennomreknast. Den jobben blir gjort no, slik at vi veit at vi kan sleppe den opp. Det er trass alt ein turbin på 50 tonn, seier Gausdal.

– De er ikkje redd for at vogntoget legg ut på vegane utan dispensasjon?

– Det tvilar vi på. Vi har hatt god dialog med eigar av firmaet. Dei har tatt dette på den måten ein bør gjere når ein veit at ein trekte strikken litt for langt, og den rauk.

Tre til fekk forbod

I løpet av helga har regionen stogga tre andre spesialtransportar som blir meldt til politiet. På Håbakken i Lærdal står eitt vogntog grunna manglande ABS og kjettingar.

To mangla dispensasjon og står ved Seljestad på E134 over Haukeli.

– Det er ein gyllen regel at har du ein transport som skal ha dispensasjon, og den ikkje har det og blir teken, så skal lasta over på eit nytt konkurrerande firma, seier Gausdal.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.