Det pågår no ein intern kamp i Bondelaget om kor stor ei samdrift kan vere. I dag er sett eit tak på fem bruk i kvar samdrift. Problemet for Sogn og Fjordane er at mange bruk her er så små at sjølv om fem bønder går saman, så blir ikkje den samla mjølkekvoten stor nok til å forsvare investeringane som må til.
Vil fjerne taket
Sogn og Fjordane Bondelag ønskjer å fjerne taket på fem bruk, seier leiar Bjarte Nordanger. Men då Nordanger prøvde å reise problemstillinga på årsmøtet til bondelaget, vart det ikkje lett å samle støtte for endringar.
Nordanger har ikkje gitt opp kampen, sjølv om han i går ikkje fekk med seg årsmøtet til bondelaget i kravet om å fjerne taket på fem bruk i samdrift.
- Over tid vil dette endre seg, og vi får det som vi vil ved ein seinare korsveg, trur Nordanger.