Det er lett å høyre på Fjøra-treningane at dei har fått ny trenar. Det sler gnistrar når Nils Tore Krosshaug piskar spelarane sine til å få maksimalt ut av kvar treningsøkt.
ENGASJERT: Nils Tore Kosshaug gir mykje av seg sjølv, og krev mykje av spelarane sine.
-Eg er den eg er. Eg krev mykje av meg sjølv, og då må eg kunne krevje at spelarane også gir litt, seier fjorårets assistenttrenar i Sogndal.
"Krossen" har ein imponerande bakgrunn i 3. divisjon. Både Jotun og Fjøra har tidlegare rykka opp til 2. divisjon det første året han har trena dei. Faktisk har han aldri leia eit lag i denne divisjonen utan at det har enda med opprykk. Om det skjer i år er uvisst, men han er ikkje utan vidare einig med Stig Roger Eide, Geir Navarsete og Stig Nord sitt tips om at dei hamnar på 4. plass.
-Ein skal vere forsiktig med å legge seg ut med ekspertar, men eg hatar å tape fotballkampar og vil helst vinne alt. Målsettinga vår er å hamne blant dei tre beste, sler Krosshaug fast.
Overgangsvinnarar
Men då Krosshaug tok over laget i fjor haust såg det ikkje lovande ut. Han hadde berre 14 spelarar å rå over, men så byrja ting å skje.
-I løpet av ein månad kom Rune Eckhoff, Terje Flugheim og Bjarte Vatlestad og ville spele for Fjøra, seier Krossen nøgd.
Eckhoff og Flugheim stiller med tippeligaerfaring frå Sogndal, og Vatlestad har ein nærmast uendeleg lang cv som mellom anna inneheld 1. divisjonsspel for Sogndal, serie D i Italia, Champions League-kvalifisering på Færøyane og eit opphald i Fredrikstad.
-Akkurat no passar det meg veldig godt å vere i Fjøra. Det er her eg har hatt det mest moro med fotballen. Vi er meir som ein kompisgjeng som spelar fotball i lag, seier Vatlestad.
Mange mål
NRK Sogn og Fjordane sitt fotballpanel meiner spissduoen Vatlestad og Arild Underdal i seg sjølv garanterer mange mål. Geir Navarsete rosar i tillegg Fjøra-miljøet, medan Stig Roger Eide rosar forsvaret, men påpeiker at motivasjonen kan tale mot Fjøra. Spesielt mot dårlegare lag - noko Krosshaug avviser.
-Vi har fått eit lag som nektar å tape fotballkampar, seier han.