Hopp til innhold

Bø slår ifrå seg verdscupen

Tarjei Bø har bestemt seg. Verdscuprenna i Oberhof går avstabelen utan han på startstreken.

Tarjei

STÅR OVER: Verdscupleiar Tarjei Bø slår ifrå seg å reise til verdscuprenna i Oberhof.

Foto: Bård Siem / NRK

Tarjei Bø har slite med forkjøling sidan romjula. Frykta for eit lengre sjukdomsopphald gjer at skytinga er det einaste verdscupleiaren frå Stryn trenar på.

Han håpa lenge på å rekke fellesstarten søndag, men innser no at viktige verdscuppoeng vil gleppe i helga.

– Det er litt kjedeleg det, men no har eg slått ifrå meg at eg får gjort noko med det, seier han til NRK.no.

Leiinga kan gleppe

23-åringen leiar verdscupen samanlagt, sprintcupen og jaktstartcupen før helgas fjerde av ni verdscuprundar. Laurdag står sprint på programmet.

Dermed risikerer Bø å sjå seg passert av konkurrentar.

– Eg har eit forsprang på dei andre, så no får gjerne dei eit lite forsprang på meg, vedgår han.

– Må gå på skinner

Verdscupen blir i mars avslutta i russiske Khanty-Mansiysk. Stryningen tek sjukdomen dag for dag, og reknar det som mogleg å hente inn att dei tapte verdscuppoenga i helga.

– Ja. Definitivt. Det er eg trygg på at eg klarer om eg er i form resten av cupen. Men eg toler ikkje eit slik sjukdomsavbrot til. No må det meste gå på skinner vidare, seier han og håpar og trur at han er klar for Nove Mesto neste helg.

– Då reknar eg med å vere klar att og «fit for fight», avsluttar han.