Hopp til innhold

Julefeiringa tok knekken på Bø

Sjukdom tvingar Tarjei Bø til å stå over torsdagens verdscupstafett i tyske Oberhof.

Tarjei

STÅR OVER: Når landslagsskyttarane går verdscupstafett torsdag, pakkar Tarjei Bø seg inn i teppe og følgjer stafetten frå sofaen. – Eg kjenner meg ikkje sjuk i det heile, men det er nok til at eg må halde meg unna trening og konkurranse, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Tarjei Bø reknar det berre som 50–50 at han i det heile går den kommande verdscuprunden.

– Eg har vore forkjøla sidan før helga, så trudde eg at eg var heilt fin og hadde ei treningsøkt. Då fekk eg litt tilbakeslag. Eg starta kanskje litt for tidleg, seier han til NRK.no.

– No handlar det om å pakke seg inn på sofaen og slappe av, legg han til.

Kan miste viktige poeng

Stryningen har så langt forsvart verdscuptittelen frå førre sesong . Han leiar samandraget, sprinten og jaktstarten framfor årets første, og verdscupens fjerde, renn.

At han følgjer torsdagens stafett frå sofaen heime i Norge, kan koste han viktige verdscuppoeng og samanlagdsigeren.

– Det er nettopp det. Lysta på å gå skirenn er absolutt, men det er også ein kamp om å behalde den gule trøya. Eg håpar absolutt at eg får konkurrert til helga, for det kan vere avgjerande når vi summerer til slutt, seier 23-åringen.

Tek ikkje sjansen

Bø fortel han er sår i halsen og at han i første omgang står han over stafetten. Deretter tek han dag for dag. I mellomtida blir det skytetrening, teppe og avslapping på sofaen.

– Eg kjenner meg ganske oppegåande, men er sår i halsen og slikt. Det kan vere eg reiser i morgon, fredag eller ikkje i det heile, seier han.

– Korleis reknar du sjansen for at du går i Oberhof?

– 50–50. Eg er ikkje i stand til å gå no. Det blir litt for stor risiko. Hadde det vore VM, så hadde eg gått, men det kjem mange viktige konkurransar resten av vinteren. Går ein renn med sjukdom, så er risikoen stor for at eg blir sjuk i lang tid, seier han.

Romjulsfeiringa tok på

Sjølv trur stryningen at det er romjulsfeiringa som har teke knekken på han, og konkluderer med at det kan straffe seg å vere sosial når ein driv med idrett.

– Det vart mange selskap og kontakt med folk. Det er kanskje tryggast å ligge langt oppe i eit fjell åleine, men ein må prøve å vere litt sosial. Det kan hende eg fekk betale litt for no, seier han og legg til at han likevel har eit lite håp om reprise frå fjoråret.

– Då vart eg sjuk på same tid. Eg stod over stafetten, men gjekk og vann begge dei individuelle konkurransane, avsluttar han.