Hopp til innhold

Bø får stell av mor og far i jula

Men mot brørne er det duellar i jula også

Tarjei Bø

PÅ STAMPLASS: Slik me kjenner Bø.

- Det er godt å få litt stell av mor og far heime no i jula. På julafta vart det pinnekjøt, så det er gode dagar.

Trivst i rampelyset

Tarjei Bø

JORDNÆR: Stryningen har ein meir jordnær framtoning enn Petter Northug - som han ofte vert samanlikna med

Foto: Stringer / Scanpix/AFP

For å vere i verdstoppen i skiskyting krevst det beinhard trening og mykje forsaking. Reising til og frå konkurransar og trening blir det også mykje av, så det blir lite tid til avkopling.

Og sidan stryningen har fått sitt verkelege internasjonale gjennombrot i år, har også medietrykket vorte mykje tøffare. Dagane heime i Stryn er difor gull verd, seier.

- Ein er så mykje på reise, og familien får ikkje eg ikkje sett ofte, så det er ekstra godt å koma heim i ferien når familien er samla. Så får eg jo møtt gamle vener. Det har jo vore mykje styr, men så er det jo bra.

- Korleis trivst du i rampelyset?

- Eg trivst greitt, eg. Media er no der, så det er berre å gjera det beste ut av det.

Vil ikkje ha like mykje styr som Northug

Ekspertar har tidlegare hevda Bø kan verta større enn Petter Northug .

- Eg får håpa det ikkje vert like mykje styr rundt meg som han. Men det er jo artig viss folk tykkjer det er artig å følgja med deg, og då er det artigare å konkurrera også.

For ein som har ambisjonar i toppidrett blir juleferien litt annleis enn for oss vanlege dødlege. Mellom anna må han teste kreftene i skisporetv mot brødrene sine.

- Det er kjekt. Han eldste er no såpass god at han henger seg på. Og han yngste må jo lærast opp også.

Brødreduell også i jula

Tarjei Bø

PÅ TOPPEN: Tarjei Bø har vendt seg til å stå øvst på pallen den siste månaden

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Eldste broren, Johannes, meiner han skal verta betre enn Tarjei .

- Det kan han absolutt verta. For han tek steg for steg. Og det er motivasjon nok for meg, for Johannes er den verste å tapa for.

Tarjei er fleire gonger juniorverdsmeister, OL-meister i stafett og har vunne fleire verdscuprenn i skiskyting. I år er det skiskyttar-VM i Russland, der 22-åringen går for både stafettgull og individuell medalje.

Men han har også eit anna mål, ein draum om å få gå tredje etappe under ski-VM i Holmenkollen i slutten av februar.

- Det hadde absolutt vore interessant. No har ikkje eg gått nokre større renn i langrenn, så eg veit ikkje heilt korleis eg står. Men eg går no absolutt fort nok i skiskyting, i alle fall.